Statuslinja i LibreOfficeDev Basic-dokument
Statuslinja viser informasjon om det opne LibreOfficeDev Basic-dokumentet.
Viser informasjon om dette LibreOfficeDev Basic-dokumentet. Namna på dokumentet, biblioteket og modulen vert vist, skild med punktum.
Viss det er gjort endringar i dokumentet sidan det sist vart lagra, vert «*» vist i dette feltet på statuslinja. Dette gjeld også nye dokument som ikkje er lagra ennå.
Viser kvar i LibreOfficeDev Basic-dokumentet skrivemerket står no. Først står radnummeret, så kolonnenummeret.
Viser den gjeldande innsetjingsmodusen. Du kan veksla mellom INN (sett inn) og OVER (skriv over). Dette feltet er berre tilgjengeleg når markøren er i skrivefeltet på formellinja eller i ei celle.