Statuslinja i LibreOfficeDev Basic-dokument

Statuslinja viser informasjon om det opne LibreOfficeDev Basic-dokumentet.

Dokumentinformasjon

Viser informasjon om dette LibreOfficeDev Basic-dokumentet. Namna på dokumentet, biblioteket og modulen vert vist, skild med punktum.

Dokumentendring

Viss det er gjort endringar i dokumentet sidan det sist vart lagra, vert «*» vist i dette feltet på statuslinja. Dette gjeld også nye dokument som ikkje er lagra ennå.

Posisjon i dokumentet

Viser kvar i LibreOfficeDev Basic-dokumentet skrivemerket står no. Først står radnummeret, så kolonnenummeret.

Innsetjingsmodus

Viser den gjeldande innsetjingsmodusen. Du kan veksla mellom INN (sett inn) og OVER (skriv over).