TEKSTETTER

Returnerer teksten som kjem etter slutten av ein gjeven førekomst av delstreng med skiljeteikn.

Syntaks

TEKSTETTER( Tekst [; Skiljeteikn [; Førekomstnummer [; Treffmodus [; Treffslutt [; Vis ikkje funne ]]]]])

Tekst: den opphavlege teksten.

Skiljeteikn: (valfritt) skiljeteiknet. Du kan gje fleire skiljeteikn. Viss ingen eller gjeve som ein tom streng, vert feilen #I/T eller verdien gjeve i Viss ikkje funne.

Førekomstnummer: (valfri) færekomsten av skiljeteiknet som teksten skal trekkjast ut etter. Standardinnstillinga er 1. Eit negativt tal gjer at søket byrjar frå slutten. Verdi 0 returnerer feilen #I/T.

Treffmodus: (valfri) sett til 1 for å utføra eit søk som ikkje skil mellom store og små bokstavar. Standardinnstillinga er 0.

Treffslutt: (valfri) sett til 1 for å handsama slutten av teksten som eit skiljeteikn. Standardinnstillinga er 0.

Viss ikkje funne: (valfritt) verdien som vert returnert viss det ikkje er treff. Standardverdien er #I/T.

Merknadsikon

Kva som helst av dei valfrie innstillingane kan sløydast. Ei valfri innstillinga krev at alle dei føregåande skiljeteikna er til stades.


Eksempel

=TEKSTETTER("Å vera eller ikkje vera";"eller";1;0;0;"@@@") returnerer strengen «ikkje å vera», henta etter skiljeteiknet «eller».

=TEKSTETTER("Å vera eller ikkje vera";"spørsmål";1;0;0;"@@@") returnerer teksten «@@@» fordi skiljeteiknet «spørsmål» ikkje finst i kjeldeteksten.

Teknisk informasjon

Tipsikon

Denne funksjonen er tilgjengeleg sidan LibreOfficeDev 25.8.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.TEXTAFTER

Støtt oss!

Støtt oss!