TEKSTFORAN

Returnerer teksten som kjem før byrjinga av ein gjeven førekomst av delstreng med skiljeteikn.

Syntaks

TEKSTFORAN( Tekst [; Skiljeteikn [; Førekomstnummer [; Treffmodus [; Treffslutt [; Viss ikkje funne ]]]]])

Tekst: den opphavlege teksten.

Skiljeteikn: (valfritt) skiljeteiknet. Du kan gje fleire skiljeteikn. Viss ingen eller gjeve som ein tom streng, vert feilen #I/T eller verdien gjeve i Viss ikkje funne.

Førekomstnummer: (valfritt) førekomsten av skiljeteiknet som teksten skal trekkjast ut før. Standardinnstillinga er 1. Eit negativt tal gjer at søket byrjar frå slutten. Verdi 0 returnerer feilen #I/T.

Treffmodus: (valfri) sett til 1 for å utføra eit søk som ikkje skil mellom store og små bokstavar. Standardinnstillinga er 0.

Treffslutt: (valfri) sett til 1 for å handsama slutten av teksten som eit skiljeteikn. Standardinnstillinga er 0.

Viss ikkje funne: (valfritt) verdien som vert returnert viss det ikkje er treff. Standardverdien er #I/T.

Merknadsikon

Kva som helst av dei valfrie innstillingane kan sløydast. Ei valfri innstillinga krev at alle dei føregåande skiljeteikna er til stades.


Eksempel

=TEKSTFORAN("Å vera eller ikkje vera";"vera";2;0;0;"@@@") returnerer strengen «Å vera eller ikkje», og tek med til den andre førekomsten av skiljeteiknet «vera».

=TEKSTFORAN("Å vera eller ikkje vera";"spørsmål";1;0;0;"@@@") returnerer teksten «@@@» fordi skiljeteiknet «spørsmål» ikkje er i kjeldeteksten-

Teknisk informasjon

Tipsikon

Denne funksjonen er tilgjengeleg sidan LibreOfficeDev 25.8.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.TEXTBEFORE

Støtt oss!

Støtt oss!