Støtt oss!

Dynamiske matriser

Dynamiske matriser gjer det enklare å arbeida med fleire verdiar i ein enkelt formel. Denne dynamiske oppførselen betyr at, i motsetnad til klassiske matriseformlar, vil resultatet automatisk tilpassa seg viss storleiken på inngangsmatrisa eller argumenta for funksjonen vert endra, vert også storleiken på sluttmatrisa endra. Det er ikke nødvendig å leggja inn matriseformelen på nytt når inn- og utdataa vert større eller mindre.

Dynamiske matriser vert laga som eit resultat av funksjonane FILTER, TILFELDIGMATRISE, SEKVENS, SORTER, SORTER.ETTER, UNIK, XSLÅ.OPP og XSAMSVAR.

Desse funksjonane returnerer ei datamatrise automatisk, så du treng ikkje skriva dei inn med snarvegen Ctrl + Shift + Enter.

Overflytande matriser

Når data vert sette inn med dei funksjnane som er nemnde ovanfor seier vi at dei dynamiske matrisene flyt over i reknearket. Du kan referera til dataa i sluttmatrisa ved å skriva referansen til det første elementet i resultatmatrisa med overflytsymbolet # etter referansen.

Eksempel

Dynamisk matriseoverflyt

Merknadsikon

Viss overflytområdet er blokkert av andre data, vil Calc returnere #OVERRFLYT-feil. Etter å ha tømt området, vil formelen bruka overflyt automatisk.