Støtt oss!

Fotnote/sluttnote

Set inn ein fotnote eller ein sluttnote i dokumentet. Noteteiknet vert set inn ved skrivemerket. Du kan velja om du vil bruka automatisk nummerering eller eit sjølvvald symbol.

Det følgjande gjeld både fotnotar og sluttnotar. .

Fotnotar vert sette inn nedst på kvar side, medan sluttnotar vert sette inn nedst på den siste sida i dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Set inn → Fotnote og sluttnote → Set inn spesialfotnote/-sluttnote

Frå sprettoppmenyen:

Choose Footnote or Endnote (on inserted Footnote/Endnote)

Frå brukargrensesnittet med faner:

Choose References - Footnote.

Choose References - Endnote.

Frå verktøylinjer:

Ikon Set inn fotnote direkte

Insert Footnote

Ikon Set inn sluttnote direkte

Insert Endnote


Nummerering

Vel kva type nummerering du vil bruka for fotnotar og sluttnotar.

Automatisk

Nummererer automatisk fotnotane eller sluttnotane du set inn i stigande rekkjefølgje. Du kan endra innstillingane for automatisk nummerering i Verktøy → Fotnotar og sluttnotar.

Teikn

Vel dette alternativet for å definera eit teikn eller symbol for den gjeldande fotnota. Dette kan vera ein bokstav, eit tal eller eit spesialteikn.

Vel

Set inn eit spesialteikn som fotnote eller sluttnotemerke.

Type

Vel om du vil setja inn ein fotnote eller ein sluttnote. Sluttnotenummereringa er uavhengig av fotnotenummereringa.

Fotnote

Set inn eit fotnotemerke ved skrivemerket og legg til ein fotnote nedst på sida.

Sluttnote

Set inn eit sluttnotemerke ved skrivemerket og legg til ein fotnote nedst på sida.