Støtt oss!

SEKVENS

Generer ei liste over sekvensielle tal i ei matrise.

Merknadsikon

Denne funksjonen returnerer ei dynamisk matrise.


Syntaks

=SEKVENS(Rader; [Kolonnar [; Start [; Steg ]]])

Rader: eit positivt heiltal. Kor mange rader som skal returnerast.

Kolonnar: Valfri. Eit positivt heiltal. Kor mange kolonnar som skal returnerast. Viss sløyfa, vert standardverdien 1 brukt.

Start: valfritt. Startverdien til sekvensen. Viss utelate, er standard 1.

Steg: valfritt. Kor mykje påfølgjande verdiar i matrisa skal aukast. Viss utelate, er standard 1.

Matrisa vert fylt frå første rad til høgre opp til verdien av Kolonnar og deretter ned til talet på rader.

Eksempel

=SEKVENS(3; 5; 10; 11) returnerer 3 × 5-matrisa nedanfor der den øvre, venstre verdien er 10 og resten av matrisa er utfylt mot høgre og så nedover i steg på 11.

10

21

32

43

54

65

76

87

98

109

120

131

142

153

164


Teknisk informasjon

Tipsikon

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOfficeDev 24.8.


Denne funksjonen er IKKJE ein del av standarden Open Document Format for Office-program (OpenDocument) versjon 1.4. Del 4: Omrekna formel (OpenFormula) Format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.SEQUENCE