Støtt oss!

Blanda

Tilfeldig blanding av indhaldet i eit celleområde.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Data → Bland.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Bland i fana Data.


Korleis blanda ei blokk av celler i LibreOfficeDev Calc

Ei celleblokk er eit rektangulært celleområde omgjeve av tome celler.

LibreOfficeDev Calc identifiserer automatisk ei celleblokk for blanding. Set markøren inne i blokka og blandinga vert utført.

Viss alle cellene i den første rada i ei blokk inneheld tekstceller, vert denne rada oppfatta som overskrift. Blandinga vert difor utført frå den andre til den siste rada viss ikkje alle celleblokkene er tekstceller.

Viss derimot minst éi av cellene i den øvste rada inneheld ein talverdi, eller at alle blokkcellene er tekstceller, vert den første rada ikkje oppfatta som ei overskrift og heile blokka vert blanda.

Blandinga er brukt på den merkte kolonnen eller den første kolonnen i blokka.

Viss den merkte kolonnen er inne i blokka, vil LibreOfficeDev Calc be om at blandinga vert utvida til dei tilstøytande kolonnane.