Ei korrelasjonssirkelplotting (eller ein korrelasjonssirkel) er ei visualisering brukt i Prinsipal komponentanalyse (PCA) for å visa korleis dei opphavlege variablane i eit datasett er relaterte til dei prinsipale komponentane – og til kvarandre.
Eit korrelasjonssirkeldiagram er ein sirkel med radius 1 der:
Kvar opphavlege variabel (funksjon) vert teikna som ein vektor (pil) frå utgangspunktet.
X-koordinatverdien er korrelasjonen mellom funksjonskolonna for serien med første dimensjonskolonna.
Y-koordinatverdien er korrelasjonen mellom funksjonskolonna for serien med andre dimensjonskolonna.
Data for korrelasjonssirkeldiagrammet må ordnast slik at dei to siste kolonnane er PCA-dimensjonane og alle dei føregåande kolonnane er ein funksjon.
PCA-dataa er avhengige av funksjonsverdiane. Du må setja inn PCA-dataa sjølv, sidan LibreOfficeDev ikkje har nokon innebygd funksjon for å rekna dei ut.

Feillinjer, trendlinjer og områdeeigenskapar er slått av for denne diagramtypen, sidan eit punkt står for eit utarbeidd par i staden for ein verdi i ei celle og symbola er slått på fordi kvar pilspiss har eit.
Pilene brukar linjefargen og -breidda som serien har. Det vert sett bort frå linjebreidda som held mengda av dei frå kvarandre.

Forklaringa brukar dei same symbola som er brukt på pilspissane slik at ein nøkkel kan tilpassast ei pil.
Rutenett er som standard slått av for dette diagrammet sidan retninga, vinklane og storleiken på strålane er sett frå byrjinga.