Støtt oss!

Juster tekst

Set justeringsalternativa for gjeldande tekstavsnitt i behaldaren.

Behaldaren kan vera ei tekstdokumentside, eit rekneark eller ei tabellcelle, ein tekstboks, ei teikneform.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Format → Juster tekst

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel

Frå sidepanelet:

Vel Eigenskapar → .


Justerer det merkte avsnittet eller dei merkte avsnitta ved byrjinga av behaldaren.

Justerer avsnitta/avsnittet til sluttmargen i behaldaren.

Midtstilt

Midtstiller det/dei merkte avsnittet/avsnitta på den omkringliggjande behaldaren.

Blokkjustert

Justerer valde avsnitt i høve til behaldarkantane til venstre og høgre.

Topp

Justerer den merkte teksten loddrett til toppen av behaldaren

Sentrert

Midtstillar den merkte teksten loddrett i behaldaren

Botn

Justerer den merkte teksten loddrett til botnen av behaldaren