LibreOfficeDev 25.2 Hjelp
Returnerer den oppgjevne delen av eit strenguttrykk (Mid-funksjonen) eller byter ut ein del av eit strenguttrykk med ein annan streng (Mid-uttrykket).
Mid (Text As String, Start As Long [, Length As Long])
Mid (Text As String, Start As Long, Length As Long, Text As String)
Streng (berre med funksjon)
Tekst: Strenguttrykket som skal endrast.
Start: Numerisk uttrykk som viser teiknplasseringa inne i strengen der strengdelen som skal bytast ut eller kopierast byrjar. Den høgaste tillatne verdien er 2.147.483.648.
Lengd: Numerisk uttrykk som returnerer talet på teikn som skal bytast ut eller returnerast. Den høgaste tillatne verdien er 2.147.483.648.
Viss Lengd-parameteren i Mid-funksjonen ikkje vert brukt, vert alle tekna i strenguttrykket frå startplasseringa til slutten av strengen returnerte.
Viss Lengd-parameteren i Mid-uttrykket er mindre enn lengda av teksten som skal bytast ut, vert teksten redusert til den oppgjevne lengda.
Tekst: Strengen som skal erstatta strenguttrykket (Mid-uttrykket).
Sub ExampleMid_Function_and_Statement
original_text = "This is the original Text"
' Mid as function
msgbox Mid( original_text , 13, 8) ' returns the word original
msgbox original_text ' original_text not modified
' Mid as statement
Mid( original_text, 13, 8, "new" )
msgbox original_text ' returns This is the new Text
End Sub