LibreOfficeDev 25.2 Hjelp
Visar eller gøymer vindauget for dokumentstruktur slik at du raskt kan gå til ulike delar av dokumentet.
Bruk dokumentstrukturen for å setja inn element frå det gjeldande dokumentet eller andre opne dokument og for å handsama hovuddokumenta.
For å redigera eit element i dokumentstrukturen, høgreklikk på elementet og vel ein kommando frå sprettoppmenyen.
Du kan festa dokumentstrukturen til kanten av arbeidsområdet.
Dra tittellinja for å flytta vindauget for dokumentstrukturen.
For å festa vindauget for dokumentstrukturen, dra tittellinja til høgre eller venstre kant eller botnen i arbeidsområdet. for å losna vindauget for dokumentstrukturen, hald nede tasten KommandoCtrlog dobbeltklikk på eit grått område i vindauget.
Trykk på utvidingsikonet (+) ved sida av ein kategori i vindauget for dokumentstrukturen for å visa elementa i kategorien. Trykk på ein utvida kategori for å falda han saman.
For å visa kor mange element det er i ein kategori, hald musepeikaren over kategorien i vindauget for dokumentstrukturen.
For å gå til eit element i dokumentet, dobbeltklikk på elementet i vindauget for dokumentstrukturen.
For å gå til neste eller førre element i eit dokument, bruk Naviger ved hjelp av-lista for å velja kategori og trykk deretter på pilen Førre eller Neste.
Dokumentstrukturen viser samsvaret mellom det gjeldande elementet for plassering av dokumentmarkøren og visinga av dokumentstrukturen i høve til ulike kategoriar: overskrifter, tabellar, hyperlenkjer og meir. Elementet vert vist utheva i dokumentstrukturen. Viss elementet er plassert i eit gøymd lag, vert dei laga over det automatisk utvida og vert verande utvida.
Dokumentelementa vert utheva ved å byta om fargane på den viste sida når du held markøren over namna i vindauget for dokumentstrukturen. Dette gjer det enklare å sjå kva element som er utheva i vindauget for dokumentstrukturen.
Bruk utvalsboksen for å velja kva elementtype som du vil gå til ved å bruka knappane for førre og neste.
Hopper til forrige element i dokumentet. For å spesifisere typen element du vil hoppe til, klikk i lista Naviger ved hjelp av og klikk deretter på ein elementkategori – for eksempel «Bilete».
Førre element
Hoppar til førre element i dokumentet. For å spesifisera kva type element du vil hoppa til, klikk i lista Naviger ved hjelp av og klikk deretter på ein elementkategori – for eksempel «Bilete».
Neste element
Skriv inn sidenummeret du vil gå til og trykk Enter..
Byt mellom vising av alle kategoriar i dokumentstrukturvindauget og berre den valde kategorien.
Byt innhald i navigeringsvisinga
Sprettoppmenyane viser ei samling av kommandoar funne i denne hjelpesida. Kva kommandoar som vert viste i menyen er avhengig av kva kategori eller element som er vald.
Ein gøymd bolk i eit dokument vert vist med grå farge i Dokumentstruktur og viser teksten «Gøymd», når du lèt musepeikaren kvila over han. Det same gjeld for innhaldet i topp- og botntekstar i sidestilar som ikkje er brukte i eit dokument, gøymt innhald i tabellar, tekstrammer, bilete, OLE-objekt og register.
Byter mellom hovudvising og normal vising dersom eit hovuddokument er ope.
Slå hovudutforminga av/på
Flyttar skrivemerket til toppteksten eller frå toppteksten til tekstområdet i dokumentet.
Topptekst
Flyttar skrivemerket til botnteksten eller frå botnteksten til tekstområdet i dokumentet.
Botntekst
Vekslar mellom fotnoteteksten og fotnoteankeret.
Anker <-> Tekst
Trykk her for å setja inn ei påminning ved peikaren. Det er råd å setja inn opp til fem slike påminningar. Du kan gå til ei påminning ved å trykkja på lista Naviger ved hjelp av. Her trykkjer du på knappen og deretter Førre eller Neste.
Vel påminning
Påminningar vert gjennomgått i den rekkjefølgja dei er laga. Dei vert ikkje lagra når dokumentet vert lukka.
Klikk på ikonet øvst i dokumentstruktur eller høgreklikk på ei overskrift i dokumentstruktur-vindauget og vel deretter kor mange nivå av overskrifter som skal visast i overskrift-delen av dokumentstruktur-vindauget.
Vel for eksempel 1 for berre å visa overskrifter med disposisjonsnivå 1. Vel 3 for å visa overskrifter opp til disposisjonsnivå 3; vel 10 for å visa alle overskrifter.
Vis opp til disposisjonsnivå
Viser eller gøymer Dokumentstruktur-lista.
Vis/gøym liste
You can drag items listed in the navigator and drop in your document. By default, navigator items are inserted as hyperlink with the item name as text of the hyperlink. Depending on the nature of the item you drag, more options are available when you drop it.
Lagar ei hyperlenkje når du dreg og slepp eit elementi nn i dette dokumentet. Trykk på hyperlenkja for å gå til elementet som hyperlenkja viser til.
Set inn element som ei lenkje der du slepp det i dokumentet. Tekst vert sett inn som skriveverna bolkar. Innhaldet til lenkja vert automatisk oppdatert når kjelda vert endra. Trykk Verktøy → Oppdater → Lenkjer for å oppdatera lenkjene i eit dokument manuelt. Det er ikkje mogleg å oppretta lenkjer til grafikk, OLE-objekt, referansar eller register.
Set inn ein kopi av valde element der du slepp det i dokumentet. Det er ikkje mogleg å laga kopiar av grafikk, OLE-objekt, referansar eller register på denne måten.
Collapse (Expand) the selected heading, and the text below the heading, down one heading position in the Navigator and in the document.
Kopierer overskrifta og innhaldet som føljer overskrifta til neste overskrift med same disposisjonsnivå. Dette innhaldet inkluderer avsnitt med disposisjonsnivå «Ingen» og overskrifter med disposisjonsnivå som er høgare enn den kopierte overskrifta. Du kan lima inn innhaldet ein annan stad i dokumentet.
Slettar overskrifta og innhaldet som føljer overskrifta til neste overskrift med same disposisjonsnivå. Dette innhaldet inkluderer avsnitt med disposisjonsnivå «Ingen» og overskrifter med disposisjonsnivå som er høgare enn den sletta overskrifta.
Merk overskrifta og innhaldet som føljer overskrifta til neste overskrift med same disposisjonsnivå. Dette innhaldet inkluderer avsnitt med disposisjonsnivå «Ingen» og overskrifter med disposisjonsnivå som er høgare enn den merkte overskrifta.
Flyttar den valde overskrifta, og teksten under denne, opp ei overskriftsplassering i disposisjonsnivået og i dokumentet. For å berre flytta den merkte overskrifta, og ikkje teksten som høyrer til overskrifta, hald nede KommandoCtrl-tasten og trykk på dette ikonet.
Flytt overskrifta opp
Flyttar den valde overskrifta, og teksten under denne, ned ei overskriftsplassering i disposisjonsnivået og i dokumentet. For å berre flytta den merkte overskrifta, og ikkje teksten som høyrer til overskrifta, hald nede KommandoCtrl-tasten og trykk på dette ikonet.
Flytt overskrifta ned
Du kan endra rekkjefølgja på overskrifter og tilhøyrande avsnitt ved å velja kategorien «Overskrifter» og så trykkja Innhaldsvising. Nå kan du bruka dra og slepp til å omorganisera innhaldet.
Hevar disposisjonsnivået på den valde overskrifta, og dei overskriftene som er under denne, med ein. For å berre heva disposisjonsnivået for den merkte overskrifta, hald nede KommandoCtrl-tasten.
Flytt disposisjonsnivået opp
Senkar disposisjonsnivået på den valde overskrifta, og dei overskriftene som er under denne, med ein. For å berre senka disposisjonsnivået for den merkte overskrifta, hald nede KommandoCtrl-tasten.
Flytt disposisjonsnivået ned
Set navigatortilstabdeb til disposisjonssporing. Dette gjeld berre for disposisjonselement under
i navigatorramma for å visa innhaldet. Du kan sjå, slå på eller endra modus ved å høgreklikka på eller på eit element under overskrifter og velja . Den valde modus vert brukt på heile dokumentet.I modus
og vil navigatoren automatisk velja den næraste overskrifta framføre markøren.I
-modus vert visinga av disposisjonsoppføringane aldr endra, det vert berre vald ei disposisjonsoppføring.I
-modus viser navigatoren berre overskriftene på det valde disposisjonsnivået i høve til det neste, høgare disposisjonsnivået. Viss for eksempel ei overskrift på nivå 2 er vald, vert alle nivå 2 under den same nivå 1 overskrifta viste, medan overskrifter på nivå 3 - 10 (under den same nivå 1 overskrifta) er falda saman, altså ikkje viste. Også andre overskrifter som ikkje er under nivå 1, vert falda samane.Vel
for å slå av disposisjonssporinga.Jumps to the selected item in the document.
Selects the item in the document.
Edit the properties of the selected item.
Renames the selected item. At item creation time, LibreOfficeDev assigns a unique name to the item within the document.
Deletes the selected item and all its contents.
Mark this checkbox to include the item when tracking changes.
Oppdater indeksen.
Fjernar indeksen. Innhaldet i indeksen vert ikkje fjerna, men vert ikkje handsama som indeks.
Merk av i denne boksen for å hindra manuell redigering av indeksinnhaldet.
Slettar indeksen.
Merk av for denne for å ta med indeksar ved sporing av endringar.
Slettar merknaden.
Merk av for denne for å ta med merknadar ved sporing av endringar.
Slettar teikneobjektet.
Merk av for denne for å ta med teikneobjekt ved sporing av endringar.
Slett feltet.
Merk av i denne avkryssingsboksen for å ta med felt når endringane skal sporast.
Slett fotnoten.
Merk av for denne for å ta med fotnotar ved sporing av endringar.
Slett sluttnoten.
Merk av for denne for å ta med sluttnotar ved sporing av endringar.
Sorts alphabetically all entries in the selected category. Uncheck this option to sort entries according the their order of appearance in the document. Headings display flat in the Navigator when sorted alphabetically.
Viser eller gøymer visinga av objekt under den valde kategorien. Namn på dokumentobjekt vert viste under kategorioppføringen. Klikk på ei oppføring for å gå til objektet i dokumentet.
Viser alle opne tekstdokument. Vel eit dokument i lista for å visa innhaldet i dokumentstrukturen. Dokumentet som vert vist i dokumentstrukturen er markert med ordet «aktiv» etter namnet i lista.
Merk dokumentet som du vil visa.