LibreOfficeDev 25.2 Hjelp
Definerer innstillingane for tabellar i tekstdokument.
Vel standardinnstillingar for rader og kolonnar og tabellmodus, i tillegg til standardverdiar for flytting og innsetjing av rader og kolonnar. For meir informasjon, sjå
.Vel standardar for alle nyleg oppretta tabellar i tekstdokument.
Bestemmer at den første rada i tabellen skal formaterast med avsnittsstilen «Tabelloverskrift».
Bestemmer om tabelloverskrifta skal setjast inn øvst på den nye sida etter eit sideskift.
Hindrar at tabellane vert delte opp av ei tekstbryting, same kva type dette er. Du kan også finna denne innstillinga i hovudmenyen under Tabellar → Tabellinnstillingar → Tekstflyt.
Gjer at tabellcellene som standard har ein kant.
Gjer at tal i ei celle i ein teksttabell vert oppfatta og formatert som tal. Tabellceller i LibreOfficeDev Writer kan kjenda igjen eit tal når det er i eitt av talformata brukte i kategoriane tal, prosent, valuta, dato, klokkeslett, vitskapleg, brøk eller boolsk.
The recognized number is displayed with default number format for table cells, and sets the cell format to the recognized category. For example, if a number is recognized as Date, the cell format category is set to Date. You can set a specific number format for the cell, for example, a date entered as 2018-03-08 displays as Thursday March 8, 2018 when the cell number format is set to "Friday, December 31, 1999" in the Number Format dialog.
Dato- og klokkeslett-tal som vert kjende igjen, vert omforma til interne dato- og klokkeslett-serieverdiar. Prosenttal vert omforma internt til talverdiar. Boolske verdiar vert omforma internt til 0 eller 1.
Når ei innskriving ikkje kan kjennast igjen som talverdi, vert talkategorien sett til Tekst og innskrivinga vert ikkje endra.
Viss det ikkje er merkt av for talgjenkjenning i innstillingane, vert tal lagra i tekstformat og vert automatisk venstrejusterte.
Viss det ikkje er merkt av for Talformatgjenkjenning, vil berre innskrivingar i det formatet cella er sett til verta godkjende. Alle andre innskrivingar set formatet til Tekst.
Dersom ei celle for eksempel inneheld ein datoverdi og celleformatet er sett til dato, vil ei innskriving av ein prosentverdi setja celleformatet til Tekst og prosentverdien vert ikkje oppfatta som eit tal.
Når Talformatgenkjenning er markert, vil innskrivne tal setja celleformatet til det formatet som er gjenkjenneleg.
Gjer at tal alltid vert justerte nede til høgre i cella. Viss dette ikkje er merkt, vert tal alltid justerte oppe til venstre i cella.
Direkte formatering vert ikkje påverka av valet Justering. Dersom du midtstiller celleinnhaldet direkte, vil det framleis vera midtstilt sjølv om det er tekst eller tal i det.
Vel standardinnstillingar for flytting av rader og kolonnar med tastaturet.
Gjev verdien som skal brukast for å flytta ei rad.
Gjev verdien som skal brukast for å flytta ein kolonne.
Vel standardinnstillingane for å setja inn rader og kolonnar med tastaturet.
Gjev standardverien for å setja inn rader.
Gjev standardverien for å setja inn kolonnar.
Vel korleis heile tabellen og rader og kolonnar i nærleiken vert påverka når nye rader eller kolonnar vert sette inn, eller andre rader eller kolonnar vert flytte.
Vel om endringane i ei rad eller ein kolonne berre skal påverka området ved sida av.
Vel om endringar i ei rad eller ein kolonne skal gjelda for heile tabellen.
Bestemmer om endringar i ei rad eller ein kolonne skal påverka storleiken på tabellen.