Medium

Vel storleik på visittkortet. Du kan velja mellom ulike førehandsdefinerte format eller oppgje eit eige på fana Format.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel fana Fil → Ny(tt) → Visittkort → Medium.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Langklikk på ikonet Ny på fana Fil og vel Visittkort → Medium.

Vel fana Ny → Visittkort → Medium på programmenyen (til høgre).

Vel fana Ny → Visittkort → Medium i fana Fil på menyen Fil


Format

Vel eit storleiksformat for visittkortet.

Samanhengande

Skriv ut visittkort på papirrull.

Ark

Skriv ut visittkort på enkeltark.

Merke

Vel kva for papir du vil bruka. Alle papirtypar har eigne storleiksformat.

Type

Vel storleiksformatet du vil bruka. Kva format som er tilgjengeleg kjem an på kva slags papir du valde i lista Merke. Om du ønskjer å bruka eit sjølvvald format, vel [brukar] og såFormat-fana for å definera formatet.

Info

Papirtypen og dimensjonane for etiketten vert viste nedst i Format-området.