Kakediagram

Du kan velja diagramtype på den første sida av diagramvegvisaren.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Set inn → Diagram → Diagramtype → Kake

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Set inn → Diagram → Diagramtype → Kake

Frå verktøylinjer:

Icon Insert Chart

Vel Set inn → Diagram.

‒ vel så Diagramtype → Kake i diagramvegvisaren


Kake

Eit kakediagram viser verdiar som sektorar (kakestykke) i ein sirkel. Lengda på ein boge eller arealet til ein sektor er proporsjonal med verdien han har.

Pie

Kake: denne undertypen viser sektorane som farga område i ei heil kake, men berre for éin datakolonne. I diagrammet kan du trykkja på og dra i ein sektor for å dela han frå kaka eller for å festa han til ho igjen.

Icon Pie Chart

Pie Chart

Exploded pie

Kakediagram med avstand: denne undertypen viser sektorane delte frå kvarandre. I diagrammet kan du trykkja på og dra i ein sektor for å flytta han langs ei linje frå sentrum i kaka.

Icon Exploded pie

Exploded pie

Donut

Smultring: denne undertypen kan visa fleire datakolonnar. Kvar datakolonne vert vist som ei smultringform med eit hol i midten der den neste datakolonnen kan visast. I diagrammet kan du trykkja på og dra i ein ytre sektor for å flytta han langs ei linje frå sentrum av smultringen.

Icon Donut

Donut

Exploded donut

Smultringdiagram med avstand: denne undertypen viser dei ytre sektorane delte frå resten av smultringen. I diagrammet kan du trykkja på og dra i ein ytre sektor for å flytta han langs ei linje frå sentrum i smultringen.

Icon Exploded donut

Exploded donut