Desse innstillingane avgjer korleis tekstdokument i LibreOfficeDev skal handsamast. Det er òg mogleg å velja innstillingar for det gjeldande tekstdokumentet. Dei globale innstillingane vert lagra automatisk.
For å bruka denne funksjonen …
Opna eit tekstdokument og vel LibreOfficeDev → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOfficeDev Writer
I LibreOfficeDev tekst- og HTML-dokument definerer denne visinga bestemte tegn, slår på den direkte markøren, viser objektgrenser, forankrar bilete og flyttar tekst ved å dra og sleppe.
Spesifiserer innstillingane for det konfigurerbare rutenettet og grunnlinjerutenettet på dokumentsidene dine. Rutenettet hjelper deg med å bestemma den nøyaktige plasseringa av objekta dine. Du kan også setja dette rutenettet på linje med det «magnetiske» rutenettet. Grunnlinjerutenettet hjelper deg med å kontrollera om linjeavstanden på sida er korrekt brukt på dokumentet.
Bestem innstillingane for eit rutenett du kan tilpassa og bruka på dokumentsidene dine. Dette rutenettet hjelper deg til å bestemma nøyaktig kvar objekt skal plasserast. Du kan også angje at dette rutenettet skal falla saman med eit «magnetisk» festerutenett.
Vel innstillingar for dei asiatiske grunnskriftene dersom asiatisk språkstøtte er slått på i LibreOfficeDev → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Språk og nasjonale innstillingar → Generelt.
Vel innstillingar for grunnskriftene for kompleks tekst dersom det er slått på i LibreOfficeDev → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Språk og nasjonale innstillingar → Generelt.
Vel innstillingar for samspel i tekstdokument. Desse innstillingane er til hjelp dersom du vil finjustera LibreOfficeDev ved import av Microsoft Word-dokument.