Samspel

Vel innstillingar for samspel i tekstdokument. Desse innstillingane er til hjelp dersom du vil finjustera LibreOfficeDev ved import av Microsoft Word-dokument.

For å bruka denne funksjonen …

Opna eit tekstdokument og vel → LibreOfficeDev Writer → Kompatibilitet


Merknadsikon

Nokre av innstillingane som er oppgjevne her gjeld berre for det opne dokumentet og må oppgjevast for kvart enkelt dokument.


Legg til mellomrom mellom avsnitt og tabellar

I LibreOfficeDev Writer vert mellomrom i avsnitt lagde til annleis enn i Microsoft Word. Dersom du har lagt til mellomrom mellom to avsnitt eller tabellar, vert det også lagt til mellomrom i dei tilsvarande Microsoft Word-dokumenta.

Bestemmer om det skal brukast Microsoft Word-kompatible mellomrom mellom avsnitt og tabellar i LibreOfficeDev Writer tekstdokument.

Legg til avsnitt og tabellavstand øvst på den første sida og sideskift

Bestemmer om avstanden mellom avsnitt på toppen av sida også skal gjelda på byrjinga av ei side eller ein kolonne viss avsnittet er plassert på den første sida i dokumentet. Det same gjeld for sideskift.

Merknadsikon

Dersom du importerer eit Microsoft Word-dokument, vert mellomromma lagt til automatisk ved konverteringa.


Bruk tabulatorinnstillingane frå OpenOffice.org 1.1

Bestemmer korleis tekst skal justerast ved tabulatorar utanfor høgremargen, korleis desimaltabulator skal handsamast, og korleis tabulatorar som ligg nær linjeskift skal handsamast. Dersom det ikkje er kryssa av i denne boksen, vert tabulatorane handsama på same måte som i andre Office-program.

I tekstdokument som er laga med den gjeldande versjonen av Writer, vert den nye tabulatorhandsaminga brukt som standard. I dokument som er laga med tidlegare versjonar enn StarOffice 8 eller OpenOffice.org 2.0, vert den tidlegare tabulatorhandsaminga brukt.

Ikkje legg til ekstra avstand (innleiande) mellom tekstlinjer

Vel at fleire ekstra (innleiande) mellomrom mellom tekstlinjer ikkje skal leggjast til, sjølv om skrifta som vert brukt inneheld fleire innleiande eigenskapar.

I tekstdokument som er laga med den gjeldande versjonen av Writer, vert fleire innleiande mellomrom brukte som standard. I dokument som er laga med tidlegare versjonar enn StarOffice 8 eller OpenOffice.org 2.0, vert fleire innleiande mellomrom ikkje brukte.

Bruk linjeavstandane frå OpenOffice.org 1.1

Dersom dette er slått av, vert det brukt ein ny metode til å formatera tekstlinjer med proporsjonal linjeavstand. Dersom dette er slått på, vert den tidlegare metoden for å formatera tekstlinjer med proporsjonal linjeavstand brukt.

Den nye metoden vert brukt i dokument som er laga med den gjeldande versjonen av Writer og nyare versjonar av MS Word. I tekstdokument som er laga med tidlegare versjonar enn StarOffice 8 eller OpenOffice.org 2.0, vert den tidlegare metoden brukt.

Legg til avstand for avsnitt og tabellar nedst i tabellceller

Vel at avstand vert lagt til nedst i avsnitt, også når det er det siste avsnittet i ei tabellcelle.

Viss valet er slått av, vert celler formaterte som i Writer-versjonane før StartOffice 8 og OpenOffice.org 2.0. Viss valet er slått på, vert ein alternativ metode brukt for å formatera celler. Valet er normalt slått på for nyare dokument laga med LibreOfficeDev og for dokument importerte frå Microsoft Word-format.

Bruk objektplasseringa frå OpenOffice.org 1.1

Bestemmer korleis plasseringa av flytande objekt som er forankra til eit teikn eller et avsnitt skal reknast ut i høve til avstanden i det øvste og det nedste avsnittet.

Dersom dette valet er på, vert det flytande objektet plassert slik som i Writer før StarOffice 8 eller OpenOffice.org 2.0. Dersom dette valet er slått av, vert det brukt ein metode som er nokså lik den Microsoft Word brukar.

Valet vert slått av for nyare dokument. Valet vert slått på for Writer-dokument laga med ein versjon før OpenOffice.org 2.0.

Bruk OpenOffice.org 1.1-tekstbryting rundt objekt

Som standard vert innhald i topptekst og botntekst, og fotnote- og sluttnoter, ikkje brote rundt flytande skjermobjekt. Denne verkemåten speglar korleis Microsoft Word handsamar desse objekta. Viss du vil slå på tekstbryting rundt flytande skjermobjekt i topptekstar/botntekstar eller fotnoter/sluttnoter, slår du på dette alternativet.

Viss alternativet er slått av, som er standardinnstilling, vert den nye tekstbrytinga brukt.

Ta omsyn til tekstbrytingsstilen ved plassering av objekt

Bestemmer korleis den komplekse prosessen for plassering av flytande objekt som er forankra til eit teikn eller eit avsnitt skal fungera. I versjonar av Writer frå før StarOffice 8 eller OpenOffice.org 2.0 vart ein gjentakande prosess brukt, medan prosessen som vert brukt i gjeldande versjonar er enklare og liknar på den som vert brukt i Microsoft Word.

Viss dette valet er slått av, vert den gamle interaktive metoden i LibreOfficeDev for objektplassering brukt. Viss valet er slått på, vert ein ny og enklare metode brukt for å vera kompatibel med Microsoft Word-dokument.

Juster linjer med eit manuelt linjeskift i justerte avsnitt

Viss dette valet er slått på, vil Writer leggja til avstand mellom ord i linjer som vert avslutta med «Shift + Enter» i blokkjusterte avsnitt. Viss dette valet er slått av, vert ikkje avstanden mellom ord gjort større for å laga jamne margar.

Dette valet er slått på som standard for tekstdokument i ODT-format. Det vert lagra og lasta inn saman med tekstdokument i ODT-format. Dette valet kan ikkje lagrast i tekstdokument i det eldre SXW-formatet. Difor vil dette valet vera slått av for SXW-tekstdokument.

Vern skjemaet. (Heile dokumentet vert no utan vern. Set inn ein skriveverna bolk i staden).

Når du importerer skjema frå Microsoft Word, er dokumentinnhaldet utanfor skjemakontrollane låst og kan berre importerast som skriveverna. Denne innstillinga let deg redigera dokumentet ved å setja skjemakontrollelementa inn i dei verna bolkane.

Ordkompatible etterfølgjande blankteikn

Syt for at etterfølgjande mellomrom og uthevinga av desse er kompatible med Microsoft Word. Dette alternativet er slått på som standard for importerte Microsoft Word-format (.doc, .docx, .rtf). For ODF-filer er alternativet som standard slått av.

Tolerer kvite linjer som kan dukka opp i PDF-sidebakgrunnar

Bruk LibreOfficeDev 4.3 forankrings-fargerekkjefølgje og tolerer kvite linjer som kan oppstå i PDF-sidebakgrunnen som vert laga av legacy-dokument.

Når du lagar samanslegne dokument, gøym avsnitt i felt for utskriftsfletting som har tom verdi

Når denne innstillinga er slått på, vert databasefelt som vert utvida til tomme verdiar handsama som gøymde avsnittsfelt. Innstillinga er som standard slått på, og vert brukt automatisk på dokument som ikkje er ODF-dokument (for å sikra kompatibilitet med andre kontorpakker). For ODT-dokument som finst frå før, vert innstillinga framleis slått av viss innstillinga ikkje er sett opp tidlegare slik at oppsettet for eldre dokuemnt ikkje vert endra.

Gjengjev harde mellomrom (NBSP) som standard mellomromsbreidd (slått av for fast storleik)

Når denne innstillinga er slått på (valfritt for både gamle og nye dokument), vil harde mellomrom ikkje lenger ha ei strengt fastsett breidd. Når innstillinga er slått av, har NBSP-teiknet alltid breidda til eit standard mellomrom (U+0020) på den gjevne linja. Denne endringa er berre merkbar når avsnittet er justert.

Additionally, when non-printable characters are displayed, a tilde (~) or degree symbol (°) will now appear in place of a non-breaking space (NBSP), as the gray field alone is often not visible.

Ikkje legg til eit ekstra mellomrom etter tal i fotnoter/sluttnoter med hengande førsterad

Denne innstillinga fjernar ekstra mellomrom mellom fotnotenummeret og teksten når avsnittet har eit hengjande innrykk, slik som i Microsoft Word.

Set tabulatorane relative til innhaldet i avsnittet

Denne innstillinga set alle avsnittstabulaturar i høve til venstre sidemarg, ikkje til avsnittsinnrykket.

Tillat at tabulatorane går utover høgre marg

Når denne innstillinga er slått på, kan avsnittstabulaturane gå utover høgre marg. Når innstillinga er slått av, vert tabulatorane utover høgre marg ignorerte.

Ikkje spegla teikneobjekt forankra i avsnitt med ein HTV-skriveretning

Writer speglar automatisk teikneobjekt forankra i avsnitt som går frå høgre mot venstre (RTL), medan Microsoft Word ikkje gjer det. Når denne innstillinga er slått på (med tanke for for DOCX-filer), vil ikkje Writer automatisk spegla posisjonen til teikneobjekt berre fordi dei er forankra i ein RTL-tekstnode.

Vis sluttnoter på slutten av dokumentet innebygd, i staden for på ei eige side

Som standard plasserer Writer sluttnoter på éi eller fleire separate sluttnotesider, medan Microsoft Word plasserer dei innebygd på slutten av dokumentet, rett etter brødteksten. Denne innstillinga opprettar ein eigen bolk på utformingsnivå og plasserer sluttnotene i den bolken, slik at dei vert effektivt innebygde.

Bruk Word-kompatible skriftmål for tekstrutenett og asiatisk tekst

Når Microsoft Word brukar ein CJK-skrifttype til å setja opp tekst, brukar den ein ekstra multiplikator på linjehøgda. Denne oppførselen avhenger berre av sjølve skriftfila – det spelar inga rolle om skrifta er sett som austasiatisk skrift eller om teksten innehelder CJK-teikn. Den einaste avgjerende faktoren er om skrifta identifiserer seg som ei CJK-skrift.

Viss skrifttypen rapporterer dekning for nokre av følgjande kodesider, vert linjehøgdemultiplikatoren brukt:

Som utgangspunkt vil Writer respektera dei opphavlege skrifttypemåla ved utforming av DOC/DOCX-filer. Denne endringa får Writer til å prøva å etterlikna Word-opførsel i staden, avhengig av eit kompatibilitetsflagg.

Gjer at at høgda på mellomromsteikn ikkje påverkar linjehøgda

Fjern høgdeverdien for mellomrom- og tabulator-teikn frå utrekninga av linjehøgda. Denne innstillingen er slått på som standard i Microsoft Word-dokumentfilformat.

Understrek Word-kompatible etterfølgjande blankteikn

Microsoft Words kompatibilitetsalternativ for Understreking av etterfølgjande mellomrom. Tidlegare oppførte funksjonen seg som om dette alternativet alltid var slått på, medan det i Word er slått av som standard.

Juster mellomrom til halvparten av breidda på ideografiske område ved hjelp av Word-kompatible reglar

Når denne er slått på, justerer Writer breidda på visse normale mellomromsteikn til halvparten av breidda på eit CJK-ideografisk mellomrom. Denne justeringa vert berre brukt på innleiande og etterfølgjande mellomrom, fleire sekvensielle mellomrom og mellomrom mellom CJK-teikn.

Dette flagget vert automatisk slått på når du importerer DOCX-filer med alternativet w:balanceSingleByteDoubleByteWidth slått på, og også når du importerer DOC-filer utan kompatibilitetsflagget fDntBlnSbDbWid.

Juster linjehøgdene til rutenetthøgda i tabellen

For CJK-tekstdokument som brukar eit CJK-tekstrutenett, er talet på linjer per side og talet på teikn per linje gjeve i sidestilen. Til vanleg påverkar justering av talet på linjer per side også tabellar. Dette kompatibilitetsalternativet slåt av denne verkemåten, slik at tabellar ikkje vert påverka av innstillinga for rutenettlinjer per side. Alternativet vart introdusert for å passa ein liknande funksjon i Microsoft Word, slik at desse dokumenta kan gjevast att nøyaktig.

Ignorer avsnittsretningar for justering av listeetikettar

Writer brukar no retning for listeetikettar, og syter for at start- og sluttjusteringa av etikettar samsvarar med start- og sluttjusteringa av avsnitt. Når denne innstillinga er slått på, ignorerer Writer avsnittsretninga for listeetikettar, og brukar alltid venstre-mot-høgre-justering.

For ikkje å endra utforminga til dokument som finst frå før, vert dette flagget slått på automatisk når du lastar inn ein ODF som er oppretta med tidlegare versjonar av LibreOfficeDev.

Bruk som standard

Trykk på denne knappen for å bruka dei gjeldande innstillingane på denne fana som standard for seinare økter i LibreOfficeDev.

Lista nedføre viser dei opphavlege standardinnstillingane frå installeringa. Innstillingane i lista er slått på, medan alle dei andre innstillingane er slått av:

  1. Legg til mellomrom mellom avsnitt og tabellar

  2. Legg til avsnitt og tabellavstand øvst på den første sida og sideskift

  3. Legg til avstand for avsnitt og tabellar nedst i tabellceller

  4. Linjejustering med manuelle linjeskift i avsnitt med justering

  5. Gøym avsnitt i felt for utskriftsfletting med tomme verdiar når du genererer fletta dokument.

  6. Set tabulatorane i høve til innrykk i avsnitt

Støtt oss!

Støtt oss!