Diagramvegvisaren – Dataseriar

On this page of the Chart Wizard you can change the source range of all data series separately, including their labels. You can also change the range of the categories as well as the properties of the categories, such as colors. You can first select the data range on the Data Range page and then remove unnecessary data series or add data series from other cells here.

Tipsikon

Viss du tykkjer det er for mange val på denne sida, kan du i staden velja dataområdet på sida for dataområde og hoppa over denne sida.


For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Set inn → Diagram → Dataserie

Dobbeltklikk på eit diagram og vel deretter Format → Dataområde

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Set inn → Diagram → Dataserie

Frå verktøylinjer:

Icon Insert Chart

Vel Set inn → Diagram.


Dette dialogvindauget er berre tilgjengeleg for diagram basert på tabellar i Calc og Writer.

Du kan trykkja Shift + F1 og peika på ein kontroll for å finna ut meir om denne kontrollen.

Ordna dataseriar

Lista over dataseriar viser alle dataseriane i det gjeldande diagrammet.

Endra dataseriar

  1. Klikk på ei oppføring i lista for å sjå på og redigera eigenskapane for denne oppføringa.

    I lista Dataområde kan du sjå namnet på rolla og celleområda til dataseriekomponentane.

  2. Klikk på ei oppføringa og rediger så innhaldet i tekstfeltet nedføre.

    Etiketten ved tekstfeltet viser den valde rolla.

  3. Skriv inn området eller velVel dataområde for å forminska dialogvindauget og merkja området med musa.

    Viss du vil ha eit dataområde som inneheld fleire celleområde som ikkje ligg inntil kvarandre, set inn det første området, skriv inn eit semikolon til slutt i tekstfeltet og skriv inn dei neste områda skilde med semikolon.

Området til ei datarolle, som Y-verdiar, må ikkje innehalda overskriftsceller.

Redigera dataetikettar

Teksten vert vist på X-aksen eller som dataoverskrifter, avhengig av diagramtypen.

Redigering av eigenskapane for kategoriane

Kvar kategorioppføring kan ha ein fyllfarge og ein kantfarge.

Du kan redigera eigenskapane for fyllfarge og kantfarge for kategoriane. Fargane er definert av eit celleområde med same storleik som kategoriområdet.

Fargeverdiane vert uttrykte ved hjelp av dei raude, grøne og blå komponentane (RGB) som vert sett saman av funksjonen FARGE().

Merknadsikon

Data ranges for border color and fill can only be specified for column, bar, pie, bubble, and column-and-line charts.


Innstillingar for kategorifyllfarge

  1. Trykk på oppføringa Fyllfarge i lista.

  2. Skriv inn fyllfargeverdiane for kategoriane i feltet Område for fyllfarge.

Set kantfarge for kategorien

  1. Klikk på oppføringa Kantfarge i lista.

  2. Skriv inn celleområda for kantfargeverdiane for kategoriane i boksen Område for kantfarge .

Eksempel

Set fyllfarge for kategori

Støtt oss!

Støtt oss!