LibreOfficeDev 26.8 Hjelp
I feilfinningsmodus startar LibreOfficeDev med ein mellombels brukarprofil og slår av maskinvareakselerasjon. Dette hjelper til med å få LibreOfficeDev til å fungera igjen.
Vel Hjelp → Start på nytt i feilfinningsmodus.
Start LibreOfficeDev frå kommandolinja med valet --safe-mode
Når du startar programmet i feilfinningsmodus, kjem det opp eit dialogvindauge med tre ulike val for å gjenoppretta brukarprofilen.
Dette valet gjer at du kan arbeida med LibreOfficeDev slik du er van med, men med ein førebels brukarprofil. Dette betyr også at alle endringane som vert gjort i brukarprofilen forsvinn når du startar på nytt.
Vel du Start på nytt normal går LibreOfficeDev ut av feilfinningsmodus og startar %PRODUCTNAM på nytt i normalmodus. Bruk dette valet om du kom hit ved eit uhell.
Dialogvindauget tilbyr mange endringar i brukarprofilen som kan vere til hjelp ved gjenoppretting av LibreOfficeDev til det vanlege oppsettet. Dei vert meir ytterleggåande ovanfrå og nedover, så du bør velja dei i den rekkjefølgja. Dette valet vil ta i bruk dei valde endringane.
LibreOfficeDev lagrar reservekopiar av tidlegare oppsett og aktiverte utvidingar. Bruk dette valet for å velja eit tidlegare brukt oppsett dersom problema ser ut til å ha oppstått etter nylege endringar i oppsettet eller frå nyleg installerte utvidingar.
Du kan slå av alle utvidingane som er installerte av brukaren. Du kan også slå av maskinvareakselerasjonar. Slå på dette valet dersom du opplever krasj eller visuelle feil ved oppstart. Desse er ofte relaterte til maskinvareakselerasjonar.
Av og til kan det hende at LibreOfficeDev ikkje startar fordi det vert blokkert av utvidingar som ikkje verkar som dei skal. Med dette valet kan du slå av alle utvidingane installerte av brukaren og dei som er delte eller leverte saman med programmet. Du bør vere nokså varsam om du slår av delte eller innebygde utvidingar. Dette verkar berre dersom du har dei nødvendige systemrettane.
Dersom alt anna feilar, kan du setje brukarprofilen attende til fabrikkinnstillingane. Det første valet Tilbakestill innstillingane og brukartilpassingar tilbakestiller alle brukarinnstillingane og endringar i brukargrensesnittet, men endrar ikkje den private ordlista di, malar og liknande. Det andre valet vil tilbakestilla heile profilen til slik han var då LibreOfficeDev vart installert.
Dersom du ikkje fekk løyst problema ved å bruka feilfinningsmodus, trykk på Avansert. Der vil du finna vidare instruksar om korleis du går fram for å få meir hjelp.
Viss du ønskjer å rapportera eit problem med brukarprofilen, trykk på Arkiver brukarprofilen for å laga ei ZIP-fil som kan lastast opp til feil-systemet og såleis verta granska av utviklarane.
Ver merksam på at profilen kan innehalda sensitiv informasjon som for eksempel den private ordlista di, innstillingar og installerte utvidingar.