Brukarinformasjon

Her kan du skriva inn eller endra brukarinformasjon. Noko informasjon kan alt ha vorte endra av brukaren eller systemadministratoren ved installering av LibreOfficeDev.

For å bruka denne funksjonen …

Vel → LibreOfficeDev → Brukardata


Brukarinformasjonen vert brukt av malar og vegvisarar i LibreOfficeDev. For eksempel vert felta «Fornamn» og «Etternamn» brukte for å automatisk setja inn namnet ditt som forfattar i nye dokument. Du kan sjå dette under Fil → Eigenskapar.

Noko av brukarinformasjonen vert automatisk teken med i ei intern ordliste, slik at han vert attkjend av stavekontrollen. Dersom du gjer skrivefeil, kan programmet bruka denne informasjonen til å føreslå alternative skrivemåtar. Merk at endringar i brukarinformasjonen ikkje trer i kraft før LibreOfficeDev vert starta om att.

Brukardataa vert også brukte for å laga merknadar og for å identifisera merknadar/forfattarar når du sporer endringar og for å merkja siste endringa i dokumentet slik at når det vert opna igjen, vert det opna der det sist vart endra.

Markørplassering

Som regel vert alle dokument opna med markøren plassert i byrjinga av dokumentet.

Eitt unntak er når forfattaren av eit Writer-tekstdokument lagrar og opnar dokumentet igjen. Markøren vil då vera der han var då dokumentet vart lagra. Dette gjeld berre når namnet på forfattaren er skrive inn i → LibreOfficeDev → Brukardata.

Adresse

Bruk Adresse-feltet til å skriva inn og redigera personinformasjonen din.

Organisasjon

Skriv namnet på organisasjonen i dette feltet.

Fornamn

Skriv inn fornamnet ditt.

Etternamn

Skriv inn etternamnet ditt.

Forbokstavar

Skriv inn initialane dine.

Adresse

Skriv gateadressa di i dette feltet.

Postnr.

Skriv postnummeret ditt i dette feltet.

Poststad

Skriv inn namnet på byen du bur i.

Land

Skriv inn namnet på landet du bur i.

Land/region

Skriv inn namnet på området du bur i.

Tittel

Skriv tittelen din i dette feltet.

Stilling

Skriv kva rolle du har i organisasjonen i dette feltet.

Tlf. (privat)

Skriv inn det private telefonnummeret ditt i dette feltet.

Tlf. (jobb)

Skriv inn telefonnummeret til arbeidet ditt i dette feltet.

Faks

Skriv inn faksnummeret ditt i dette feltet.

E-post

Skriv inn e-postadressa di. For eksempel «namnet.mitt@nettleverandør.no».

ODF Cryptography

Set den ønskte offentlege nøkkelen for kryptering med OpenPGP og digitale signaturar. Desse nøklane vert førehandsvalde i dialogvindauget for nøklar kvar gong du signerer eller krypterer eit dokument. Du treng såleis ikkje velja nøkkelen sjølv når du ofte skal signera med ein bestemt nøkkel.

OpenPGP-signeringsnøkkel

Vel OpenPGP-nøkkel frå nedtrekkslista for å signera ODF-dokument.

OpenPGP-krypteringsnøkkel

Vel OpenPGP-nøkkel frå nedtrekkslista for å kryptera ODF-dokument.

Bruk alltid eigen nøkkel når dokumenta vert krypterte

Merk denne avkryssingsboksen for også å kryptera fila med den offentlege nøkkelen din slik at du kan opna henne med den private nøkkelen din.

Åtvaringsikon

Sjå etter at dette valet er merkt viss du ønskjer å kunna dekryptere dokument du har kryptert til andre.


Støtt oss!

Støtt oss!