LibreOfficeDev 26.8 Hjelp
Når du held nede og klikkar på ei hyperlenkje i eit Writer-dokument vert nettlesaren opna med den aktuelle nettadressa. Viss du ikkje brukar ei mus, plasser markøren inni hyperlenkja og opna sprettoppmenyen med Shift + F10 og vel «Opna hyperlenkje».
I Writer-dokument kan du klikka kvar som helst i ei hyperlenkje og redigera den synlege teksten.
Dersom du går ut av hyperlenkja ved å setja markøren ein annan stad, vert berre den synlege teksten endra.
Viss du går ut av hyperlenkja ved å skriva inn eit mellomromsteikn rett etter det siste teiknet, vil autorettinga, viss denne funksjonen er slått på, endra måladressa til å verta den same som den synlege teksten.
I alle dokumenttypane kan du opna dialogvindauget for hyperlenkjer for å redigera ei hyperlenkje. Først set du markøren i eller rett framføre hyperlenkja og trykkjer deretter på knappen «Hyperlenkje» på standardverktøylinja.
Opna dialogvindauget Hyperlenkje slik som forklart ovanfor.
Open the Styles deck.
Trykk på ikonet for teiknstilar.
Høgreklikk på teiknstilen «Internett-lenkje» eller «Vitja Internett-lenkje» og vel .
Merk dei nye eigenskapane i dialogvindauget og trykk OK.
Hyperlenkjeknappane må redigerast i skjemamodus.
Vel menyen og aktiver verktøylinja for skjemakontroll. Trykk på ikonet for utformingsmodus og deretter på knappen. Handtaka for knappen vert synlege.
Opna sprettoppmenyen og vel .
Rediger eigenskapane i dialogvindauget.