LibreOfficeDev 26.8 Hjelp
Legg til eit tekstrutenett i den gjeldande sidestilen. Dette alternativet er tilgjengeleg for asiatiske språk.
Legg til eller fjernar tekstrutenett for linjer eller teikn i sidestilen.
Fjernar tekstrutenettet for linjer eller teikn frå den gjeldande sidestilen.
Legg til eit linjenett i den gjeldande sidestilen.
Legg eit linje- og teiknnett til i den gjeldande stilen.
Når er merkt og Bruk CJK manuskriptrutenett er not merkt, vil denne eigenskapen hjelpa markørflyttinga og tekstutval vert «limte» til teiknkantane i staden for å flyta fritt. Dette er spesielt nyttig i språk der teikna er like store ( som i CJK-skrift).
Vel det høgaste talet på linjer du vil ha på éi side.
Vel det høgaste talet på teikn du vil ha på éi linje.
Definerer teiknbreidda i tekstrutenettet. Dette valet er slått på når Bruk CJK manuskriptrutenett ikkje er vald.
Vel høgaste storleik for baseteksten. Ein høg verdi gjev færre teikn på kvar linje.
Vel storleik på kringteksten.
Viser kringteksten til venstre eller under hovudteksten.
Vel utskriftsinnstillingar og fargar for tekst-rutenettet.