Utrekna felt i pivottabellen

Lag ein ny datakolonne for pivottabellen ved bruk av ein tilpassa formel.

Du kan leggja til ein ny datakolonne i eit utrekna felt ved å bruka ein tilpassa formel. I motsetnad til manuelt laga kolonnar, vert denne ein innebtgd del av pivottabellen. Dette sikrar at sortering, filtrering og andre pivottabellfunksjonar fungerer saumlaust.

For å bruka denne funksjonen …

Set markøren inne i ein pivottabell som finst frå før og

Frå menylinja:

Vel Data → Pivottabell → Utrekna felt.

Frå sprettoppmenyen:

Vel Utrekna felt.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Pivotutrekna felt i menyen Data i fana Data


Namn

Namnet på det utrekna feltet. Dette namnet vert vist som ei ekstra oppføring i felt-lista.

Formel

Formelen brukt i det utrekna feltet. Formelsyntaksen er den same som for andre formlar i Calc.

Felt

Viser lista over felt og utrekna felt. Alle felta i denne lista kan brukast i formlane for utrekna felt.

Set inn felt

Trykk for å leggja det utrekna feltet til i feltlista.

Leggg til

Legg det utrekna feltet inn i pivottabellfelta.

Endra

Endra formelen brukt for det utrekna feltet og oppdater feltlista.

Slett

Slett det utrekna feltet.

Støtt oss!

Støtt oss!