LibreOfficeDev 26.8 Hjelp
Lås til registerlinjene er spesielt nyttig i dokument som har to motståande sider (for eksempel i ei bok eller ein brosjyre), for oppsett med fleire kolonnar og for dobbeltsidig utskrift.
I feltet merkjer du av for , set Referansestilen og trykkjer .
Referansestilen set opp eit usynleg loddrett (typografisk) rutenett med avstanden som er definert i stilen. Alle sider som har slått på «Lås til registerlinjene» vil bruka denne avstanden og justera den nedre kanten av ei tekstlinje i høve til den neste rutenettlinja, uavhengig av skriftstorleiken eller om det finst grafikk i dokumentet.
Alle avsnitt som brukar den valde referansestilen (eller arvar referansestilen) vil automatisk bruka «Lås til registerlinjene».
Fjern avkryssinga for Bruk «Slå på linjeavstand på sida» for å gjera unntak for avsnitt. Merk igjen for å ta i bruk «Slå på linjeavstand for sida».
Avkryssingsfeltet verkar ikkje dersom «Lås til registerlinjene» er slått av i sidestilen.
Opna stilpanelet (Kommando + TF11), klikk på avsnittsstilen du vil unnata, høgreklikk på stilen og vel Endra. I dialogvindauget klikkar du på fana Innrykk og avstand.
Fjern avkryssinga for Bruk «Slå på linjeavstand på sida» for å gjera unntak for avsnitt. Merk igjen for å ta i bruk «Slå på linjeavstand for sida».
Avkryssingsfeltet verkar ikkje dersom «Lås til registerlinjene» er slått av i sidestilen