Vel -ingen- for å fjerna eit utskriftsområde frå det gjeldande reknearket. Vel -heile arket- for å merkja heile arket som utskriftsområde. Vel -utval- for å definera det markerte området som utskriftsområde. Ved å velja -brukardefinert- kan du definera eit område du tidlegare har definert ved hjelp av Format → Utskriftsområde → Rediger. Viss du har gjeve det definerte området eit namn med Set inn → Namn → Skriv inn, vert dette namnet vist i lista og kan veljast derifrå.
I tekstfeltet til høgre kan du skriva inn utskriftsområdet anten som referansar eller som namn. Dersom markøren er i tekstboksen Utskriftsområde, kan du også velja utskriftsområdet direkte frå reknearket med datamusa.
Krymp / Utvid
Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.
Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.
Krymp
Utvid
Rader som skal gjentakast
Vel ei eller fleire rader som skal skrivast på alle sidene. I det høgre tekstfeltet skriv du inn radreferansen, for eksempel, «1», «$1» eller «$2:$3». Nedtrekkslista viser -brukardefinert-. Du kan også velja -ingen- for å fjerna at ei rad er definert til å verta teke opp att fleire gongar.
Dersom markøren er i tekstfeltet Rader som skal gjentakast i dialogvindauget, kan du også definera rader som skal verta gjentekne ved å dra med musa i reknearket.
Krymp / Utvid
Trykk på Forminsk-knappen for å gjera dialogvindauget like lite som skrivefeltet. På den måten er det lettare å merkja av området i arket. Knappen vert etter dette automatisk endra til ein Maksimer-knapp. Denne kan brukast til å gjenoppretta storleiken til dialogvindauget.
Dialogvindauget vert automatisk minimert når du klikkar med musa i eit rekneark. Så snart du slepp museknappen, vert dialogvindauget gjenoppretta. Det referanseområdet du valde med musa er då vist med blå ramme i dokumentet.
Krymp
Utvid
Kolonnar som skal gjentakast
Vel ein eller fleire kolonnar som skal skrivast ut på kvar side. Skriv inn kolonnereferansen, for eksempel «A» eller «AB» eller «$C:$E», i det høge tekstfeltet. Listeboksen vil då visa - brukardefinert -. Du kan også velja - ingen - for å fjerna definisjonen av ein repeterande kolonne.
Dersom tekstfeltet Kolonnar som skal repeterast i dialogvindauget er markerte, kan du også definera repeterande kolonnar ved å dra musemarkøren i reknearket.