Du kan laga éin eller fleire kopiar av eit objekt. Kopiane kan vera identiske eller ulike når det gjeld storleik, farge, kva veg dei er snudde og plassering.
I eksempelet lagar du ein myntstabel ved å laga fleire kopiar av éin enkelt ellipse.
Bruk verktøyet Ellipse til å teikna ein fylt gul ellipse.
Vel ellipsen og deretter Rediger → Lag kopi.
Skriv inn «12» i Tal på kopiar.
Skriv inn negative verdiar for Breidd og Høgd, slik at storleikane på myntane minkar i storleik og gjev ein effekt av djupn.
For å velja ein fargeovergang for myntane, kan du velja ulike fargar i boksane Start og Slutt. Startfargen vert brukt på det objektet du lagar kopiar av.
Trykk OK for å laga kopiane.