Med tips og utvida tips kan du få hjelp under arbeidet.
Tipstekstane viser deg namna på dei ulike verktøylinjeknappane. Hald musepeikaren over ein knapp ei kort stund for å sjå kva knappen heiter.
Tips vert også viste for nokre element i eit dokument, for eksempel hyperlenkjer, felt og indeksoppføringar.
Tips er alltid tilgjengelege.
Utvida tips gjev ein kort omtale av knappar og kommandoar. Du kan visa eit utvida tips ved å trykkja Shift + F1 og halda musepeikaren over knappen eller kommandoen.
Viss du alltid vil bruka utvida tips i staden for tips, aktiver utvida tips på - LibreOfficeDev → Generelt.