LibreOffice SymbolLibreOffice Symbol

Støtt oss!

Hjelp i LibreOfficeDev

Provides an overview of the LibreOfficeDev Help system.

Merknadsikon

Hjelp viser til standardinnstillingane for programmet på eit standarsystem. Beskrivinga av fargar, musehandlingar og andre element som er systemavhengige, kan verta styrde av systeminnstillingane og kan difor sjå annleis ut i det programmet og systemet du brukar.


Merknadsikon

Hjelpesystemet for alle programvareversjonane er basert på dei same kjeldefilene. Difor kan nokre av funksjonane som er omtalte i hjelpa mangla i denne versjonen av programmet, medan andre funksjonar som berre finst i ei bestemt utgåve av programmet ikkje er med i hjelp.


Merknadsikon

Hjelpesider i LibreOfficeDev utvidingane brukar framleis det gamle hjelpsystemet. Dei gamle hjelpesidene er tilgjengelege her.


Getting Additional Support for LibreOfficeDev

For richer documentation that teaches the usage of the office suite from the ground up, see our guide books. Additionally, The Document Foundation wiki has in-depth articles about Calc functions and macros as well as how-to guides and answers to frequently asked questions. If you are looking for support, you may ask questions in our user support forum.

Eigenskapar for LibreOfficeDev sine hjelpesider

Modulliste

Trykk på nedoverpila like etter ordet «Modul» oppe til venstre på sida for å opna nedtrekkslista og trykk på LibreOfficeDev-modulen for å visa opningssida for hjelp for modulen.

Språklista (berre for hjelp via nettet).

Berre tilgjengeleg i nettversjonen. Vel språket for visinga av den gjeldande hjelpsida.

Hjelpindeks

Hjelpindeksen viser ei liste over nøkkelord for alle LibreOfficeDev-modulane. Trykk på eit nøkkelord i lista for å opna den aktuelle hjelpsida.

Søkja i hjelpindeksen

Skriv inn søkjeordet i tekstvindauget. Søket vert utført medan du skriv.

Søkjeresultata vert viste som ei filtrert liste over treff grupperte etter modulnamn. Resultata tek også med nesten-treff. Dei delane av treffa som passar, er utheva for kvart resultat.

The LibreOfficeDev heading indicates a match for keywords relevant to more than one LibreOfficeDev module. For example, cell borders applies to spreadsheets cells as well as text and presentation table cells or frames.

Bruk pilsymbola nedst på indekssida for å rulla framover og bakover i indekspostane eller i det filtrerte resultatet.

Innhald – Hovudemna i hjelp

Viser ein indeks over hovudemna i alle modulane.

Bruka nettlesaren for LibreOfficeDev-hjelp

Navigera i hjelpesidene

Bruk Tilbake- og Fram-knappane i nettlesaren for å bytte mellom sidene. I dei fleste nettlesarane kan du halda museknappen nede ei stund (eller høgreklikka) når musepeikaren er over Tilbake-knappen for å få fram ei nedtrekksliste over sider som har vore opna tidlegare. Held du musepeikaren over Fram-knappen, får du opp ei liste over sider som er opna etter den gjeldande sida.

Bokmerk hjelpesider

Bruk bokmerke-funksjonen i nettlesaren for å få rask tilgang til relevante hjelpesider. Slik kan du bokmerka ei side i dei fleste nettlesarane:

  1. Opna bokmerkemenyen i nettlesaren.

  2. Vel Legg til bokmerke eller

    Trykk + D i dei fleste nettlesarane.

  3. Skriv inn namnet, mappa og eit meiningsfylt merke for bokmerket.

  4. Lukk dialogvindauget for bokmerke.

Logg over hjelpesider

Kvar hjelpeside som er opna vert registrert i historikken til nettlesaren. Slik kan du opna historikken:

  1. Vel menyen Historikk.

  2. Vel Vis historikk.

  3. Klikk på ei oppføring i hovudsida for historikken for å opna den tilsvarande hjelpsida.

Kopiera hjelpeinnhaldet til utklippstavla

Du kan kopiera innhald frå hjelpsida til utklippstavla i operativsystemet ved hjelp av dei vanlege kommandoane i operativsystemet. For eksempel:

  1. Merk teksten på hjelpesida du vil kopiera.

  2. Trykk + C.

I nokre tilfelle kan innhaldet på hjelpesidene kopierast til systemutklippstavla med berre eitt museklikk. I desse tilfella kjem det opp ei infoboble når du held musepeikaren over innhaldet. For eksempel kan denne linja kopierast:

=SUMMER(A1:A10)

Søk på den gjeldande sida

Slik søkjer du i den viste hjelpesida:

  1. Opna søkjeverktøyet i nettlesaren din, som til vanleg er tilgjengeleg ved å bruka snarvegen + F.

  2. I skrivefeltet Søk etter skriv du inn kva du ønskjer å finna.

  3. Vel søkjeinnstillingane som skal brukast.

  4. Trykk Enter.

For å finna det førre tilfellet av søkjeteksten på sida, trykk på Pil opp. For å finna den neste, trykk på Pil ned.

Generell innhaldsinformasjon

Symbol i dokumentasjonen

Det er tre ulike symbol som vert brukte for å gjera deg merksam på tilleggsinformasjon du kan ha nytte av.

Åtvaringsikon

Symbolet Viktig peikar på viktig informasjon om data- og systemtryggleik.


Merknadsikon

Symbolet Merk viser til ekstra informasjon, som for eksempel alternative måtar du kan løysa eit problem på.


Tipsikon

Symbolet Tips gjev deg ulike tips for meir effektivt bruk av programmet.