Du kan kombinera fleire biletobjekt til ei gruppe, slik at du kan bruka dei som eitt enkelt objekt.
Du kan flytta, omforma, endra storleik på, forvrenga eller gjera om alle objekta i ei gruppe samtidig og du kan når som helst gå inn i gruppa for å endra dei enkelte objekta i gruppa.
Du kan endra eigenskapane (linjestorleik, fyllfarge og mykje meir) for alle objekta i ei gruppe samtidig, og du kan når som helst gå inn i gruppa for å endra dei enkelte objekta i gruppa.
Grupper kan også nystast, slik at det vert laga grupper inne i andre grupper.
Merk alle objekta som skal vera med i gruppa du vil laga. Hald nede Shift-tasten medan du trykkjer på dei enkelte objekta.
Høgreklikk på eitt av objekta for å opna sprettoppmenyen. I Calc og Writer finn du kommandoane i undermenyen Grupper, medan du i Impress og Draw finn dei som eiga oppføring i menyen.
Vel Grupper.
Du kan også velja objekt ved å dra ei ramme rundt objekta.
For eksempel kan du gruppera alle objekta i ein firmalogo for å kunna flytta og forstørra logoen som eit enkeltobjekt.
Etter at du har gruppert objekt, vil du velja heile gruppa dersom du vel éin del av ho.
Høgreklikk på eit objekt i gruppa. I Calc og Writer er kommandoane i undermenyen Grupper, i Impress og Draw er dei øvst i sprettoppmenyen.
Vel Rediger gruppe.
Nå kan du merkja og redigera eitt enkelt objekt i gruppa.
I denne tilstanden kan du leggja til eller sletta objekt i ei gruppe.
I denne tilstanden kan du leggja til eller sletta objekt i ei gruppe.
Høgreklikk på eit objekt i gruppa. I Calc og Writer er kommandoane i undermenyen Grupper, i Impress og Draw øvst i sprettoppmenyen.
Vel Gå ut av gruppe.
I Draw og Impress kan du også gå ut av ei gruppe ved å dobbeltklikka kvar som helst utanfor gruppa.
Høgreklikk på eit objekt i gruppa. I Calc og Writer er kommandoane i undermenyen Grupper, i Impress og Draw øvst i sprettoppmenyen.
Vel Løys opp gruppe.
Nå kan du velja og redigera alle objekta som enkeltobjekt.