Dette avsnittet inneheld ei oversikt over nokre av dei viktigaste funksjonane og bruksområda til LibreOfficeDev Math.
LibreOfficeDev Math har svært mange operatorar, funksjonar og formateringsverktøy som hjelper deg med å oppretta formlar. Alle desse kan veljast og brukast frå utvalsvindauget. Det finst ei komplett referanseliste og mange eksempel i hjelp.
På same måten som med diagram og bilete vert formlar oppretta som objekt i eit dokument. LibreOfficeDev Math vert automatisk opna når du set inn ein formel i eit dokument. Du kan oppretta, redigera og formatera formelen ved å bruka eit stort utval av førehandsdefinerte symbol og funksjonar.
Dersom du er fortruleg med språket i LibreOfficeDev Math, kan du skriva inn formlar direkte i dokumentet. Skriv for eksempel inn denne formelen i eit tekstdokument: «a sup 2 + b sup 2 = c sup 2». Merk teksten og vel Set inn → Objekt → Formel for å gjera teksten om til ein formatert formel.
Du kan ikkje gjera utrekningar med formlar i LibreOfficeDev Math, for dette programmet er berre laga for å skriva og visa formlar, ikkje gjera utrekningar. Bruk heller rekneark om du vil gjera utrekningar med formlar. Til enkle utrekningar kan du bruka utrekningsfunksjonen i tekstdokument.
Bruk kommandovindauget i LibreOfficeDev Math for å skriva inn og redigera formlar. Du vil etter kvart sjå korleis formelen vil sjå ut i dokumentet. Bruk formelpeikaren på verktøylinja for å halda oversikt over lange og kompliserte formlar. Når denne funksjonen er teken i bruk, vert plasseringa til peikaren i kommandovindauget òg vist i tekstvindauget.
Du kan oppretta dine eigne symbol og importera teikn frå andre skrifttypar. Du kan leggja til nye symbol til basiskatalogen for LibreOfficeDev Math-symbol, eller oppretta eigne katalogar. Mange spesialteikn er òg tilgjengelege.
For å gjere det enklare å arbeida med formlar, er det lagt inn nokre sprettoppmenyar som kjem fram når du høgreklikkar med datamusa. Dette er kanskje spesielt nyttig i kommandovindauget. Sprettoppmenyen inneheld alle kommandoane funne i elementvindauget, men også operatorar osv. som kan setjast inn i formlane med eit museklikk utan at du treng skriva dei inn i kommandovindauget.
LibreOfficeDev Math har støtte for å skriva formlar i retninga høgre-til-venstre.
LibreOfficeDev Math har støtte for arabiske og persiske operatorar og symbol.