LibreOffice SymbolLibreOffice Symbol

Støtt oss!

Innhaldsliste, register eller bibliografi

Set inn eit register eller ei innhaldsliste ved skrivemerket. Dersom du vil redigera eit register eller ei innhaldsliste, set du skrivemerket inn i registeret eller innhaldslista og vel Set inn → Register og innhaldslister → Register og innhaldslister.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi

Frå sprettoppmenyen:

Vel Rediger innhaldslista i registeret.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Referanse → Innhaldsliste.

Vel Innhaldsliste, register eller bibliografi i fana Referanse i menyen Referanse .

Frå verktøylinjer:

Ikon Set inn indeks

Set inn innhaldsliste


Du kan også førehandsvisa registeret eller innhaldslista i dette dialogvindauget.

Avhengig av kva type register eller innhaldsliste du vel, vil dialogvindauget innehalda desse fanene:

Type

Bruk denne fana for å velja og definera typen register du vil setja inn. Du kan også laga tilpassa register.

Oppføringar (innhaldslister/tabellar)

Bestemmer formatet for oppføringane i innhaldslista eller tabellen. Utsjånaden på fana skifter for å visa kva type innhaldsliste som er vald i fana Type.

Stilar

Tilordna avsnittsstilar til indekstitlar og indeksoppføringar i innhaldsliste, indeksar og bibliografi. For alfabetiske indeksar kan avsnittsstilar tilordnast skiljeteikn. Du kan også redigera avsnittsstilar i dette dialogvindauget.

Kolonnar

Viser talet på kolonnar og kolonneoppsettet for ein sidestil, ei ramme eller ein bolk.

Bruk denne fana for å velja kolonneutsjånaden for registeret eller innhaldslista. I standardoppsettet er tittelen for registeret/innhaldslista ein kolonne brei ut frå venstre sidemarg.

Set fyllingsalternativa for det valde dokumentelementet.