Fotnotar refererer til meir informasjon om eit emne nedst på sida, medan sluttnotar refererer til informasjon på slutten av dokumentet. LibreOfficeDev nummererer fotnotar og sluttnotar automatisk.
Trykk på den staden i dokumentet der du vil plassera referansepunktet til fot-/sluttnoten.
Vel Set inn → Fotnote og sluttnote → Set inn spesiell fotnote/sluttnote.
Vel formatet du vil bruka i området . Viss du vel , trykk på knappen og vel teiknet du vil bruka på fotnoten.
I området , vel eller .
Trykk OK.
Skriv inn fot-/sluttnoten.
Du kan også setja inn fotnotar ved å trykkja på ikonet Set inn fotnote direkte på verktøylinja Set inn.
Du kan setja inn sluttnotar direkte ved å trykkja på ikonet på verktøylinja Standard eller Set inn, eller velja .
Musepeikaren endrar seg til ei hand når du held musa over referansepunktet til ein fotnote eller sluttnote i dokumentet.
For å redigera ein tekst i ein fotnote, klikk på fotnoten eller trykk på ankeret for fotnoten i teksten eller trykk KommandoCtrl + Shift + Page Down
For å endra formatet på ei fotnote, klikk i fotnoten, trykk Kommando + TF11 for å opna stillista, høgreklikk på «Fotnote» i lista og vel deretter Endra.
For å gå frå ein fotnote eller sluttnote til referansepunktet i teksten, trykk «Page Up».
For å redigera nummereringseigenskapane for fotnote- og sluttnoteteikn, trykk framføre ankeret og vel Rediger → Referanse → Fotnote eller sluttnote.
For å endra formateringa LibreOfficeDev brukar på fot- og sluttnotar, vel Verktøy → Innstillingar for fotnotar og sluttnotar.
For å redigera eigenskapane for tekstområdet for fot- og sluttnotar, vel Format → Sidestil og trykk på fana Fotnote.
For å fjerna ein fotnote, slett fotnoteteiknet i teksten.
Du kan også laga snøggtastar for å setja inn, redigera eller navigera til fotnotar og sluttnotar. Vel fana og skriva notar i feltet for funksjonar for å sjå kva som er mogleg.