LibreOffice SymbolLibreOffice Symbol

Støtt oss!

Setja opp IDE (Integrated Development Environment) for Python

For å skriva Pythonmakroar treng du nokre tilleggsinnstillingar for å kunna setja opp IDE etter eigne ønskje.

I motsetnad til utvikling av grunnleggjande språkmakroar i LibreOfficeDev, krev utvikling av Python-skript for LibreOfficeDev at du set opp eit eksternt integrert utviklingsmiljø (IDE). Fleire IDE-ar er tilgjengelege, både for nybyrjarar og avanserte Python-programmerarar. Ved å bruka Python IDE har du mange nyttige hjelpemiddel, som syntaksutheving, kodebryting, søk gjennom klassar, fullføring av kode, standardoppsett av kode, utprøving av programmet, feilfinning, versjonskontroll og mykje meir. Du finn meir detaljert informasjon om korleis du kan setja opp ei kopling mellom IDE-en du brukar og LibreOfficeDev i Designing & Developing Python Applications på Wiki-en.

APSO-utvidinga

Utvidinga Alternative Python Script Organizer (APSO) gjer det enklare å redigera Pythonskript, særleg når dei er innebygde i eit dokument. Ved hjelp av APSO kan du setja opp programmet du helst brukar for å redigera kjeldekoden og opna det innebygde Python-shell-et og utføra feilfinning i Python-skript. Det finst utvidingar du kan bruka for å sjå på tilfeldige UNO-objekt. Sjå Designing & Developing Python Applications for meir om dette.