LibreOffice SymbolLibreOffice Symbol

Støtt oss!

scriptforge modul

For å bruka denne funksjonen …

Opna menyen Verktøy → Makroar → Makrohandsamar.


scriptforge-modulen inneheld ei utvidbar samling av skriptressursar for LibreOfficeDev som kan kallast opp frå Python-skript. Ein fullstendig omtale av desse ressursane er tilgjengeleg på hjelpesiden for ScriptForge-biblioteka.

Metodar

Liste over metodar i scriptforge-modulen

CreateScriptService

ScriptForge


CreateScriptService

Set opp ScriptForge ressursar som «tenester». Han fungerer som ein generisk konstruktør for alle eigenskapsmetodane eller klassane av ScriptForge-tenester.

Syntaks:

CreateScriptService(servicename: str [, arg0, arg1, ...]): svc

Parametrar:

tenestenamn: Eit ScriptForge-tenestenamn, for eksempel «ScriptForge.FileSystem», «SFDialogs.Dialog» eller anna.

arg0, arg1, …: Valfrie parameterar med omsyn til den oppsette tenesta.

Eksempel:


      from scriptforge import CreateScriptService as getSvc
      svc = getSvc('ScriptForge.Basic')
	  svc.MsgBox('Hello')
      svc.Dispose()
    

Metoden Dispose er tilgjengeleg i alle tenester og bør kallast opp for å frigjera ressursar etter bruk.

Merknadsikon

Tenesta «ScripForge.Basic» inneheld dedikerte eigenskapar og metodar som får tilgang til UNO-objekt og -tenester i tillegg til andre fasilitetar.


ScriptForge class

Koplar til ei køyrande LibreOfficeDev-teneste som er opna med kommandolinja. ScriptForge-klassen kan binda IDE-baserte Python-skript til ein ekstern LibreOfficeDev-prosess for feilsøkingsføremål.

Syntaks:

opt ScriptForge(pipe = 'PIPE2LIBREOFFICE'): obj
opt ScriptForge(hostname = '', port = 0): obj

Dataleidning- og sokkeltilkoplingar stenger kvarandre ute.

Parametrar:

dataleidning: Namngjeve dataleidning som vert brukt til å starta den eksterne tenesta LibreOfficeDev. Standardnamnet er «PIPE2LIBREOFFICE».

vertsnamn: '', «localhost» eller IP-adressa til maskinen som er vert for den eksterne LibreOfficeDev-tenesta.

port: Portnummeret som vert brukt til å starta LibreOfficeDev som ei teneste.

Eksempel:

Gjev LibreOfficeDev som vart starta frå kommandolinja som:


      from scriptforge import CreateScriptService as getSvc
      ui = getSvc('ScriptForge.Basic')
      
      def my_script(): # brukarkoden vert sett her
          response = ui.MsgBox('Vil du halda fram?',ui.MB_YESNOCANCEL,'Ei melding frå Python')
          ui.MsgBox('scriptforge module',ui.MB_OK,respons)
      
      g_exportedScripts = (skriptet_mitt,) # LibreOffice-inngangspunkt
      
      if __name__ == "__main__":  # inngangsounkt for IDE-ar
          # frå scriptforge import ScriptForge # som økthandsamar
          # ScriptForge(pipe='PIPE2LIBREOFFICE') # utført i bakgrunnen
          my_script()
    
Tipsikon

For å læra meir om korleis du opprettar og køyrer Python-skript ved hjelp av scriptforge-modulen, les hjelpesida Creating Python Scripts with ScriptForge.


Åtvaringsikon

Alle scriptforge-metodane eller identifikatorane som har prefikset understrek «_» er reserverte for intern bruk. Dei er ikkje meint å brukast i Python-skript.