Denne funksjonen reknar ut ein dato skrive som år, månad, dag og viser resultatet slik cella er formatert. Standardformatet for ei celle som inneheld DATO-funksjonen er datoformatet, men du kan formatera cella med kva talformat som helst.
DATO(År; Månad; Dag)
År er eit heiltal mellom 1583 og 9957 eller mellom 0 og 99.
I kan du velja frå kva år eit tosifra tal skal verta oppfatta som 20xx.
Månad er eit heiltal som indikerer månaden. Ein verdi mellom 1 og 12.
Dag er eit heiltal som indikerer dagen i månaden. Ein verdi mellom 1 og 31.
Viss verdiane for månad og dag er utføre grensene, vert dei overførte til det neste sifferet. Viss du skriv inn =DATO(2000;12;31) vert resultatet 31.12.2000. Viss du derimot skriv inn =DATO(2000;13;31) vert resultatet 31.01.2000.
For å unngå misforståingar, bruk alltid fire sifer for år.
=DATO(00;1;31) gjev datoen 2000-01-31 skrive som 1/31/00 viss celleformatinnstillinga er MM/DD/ÅÅ.