LibreOffice SymbolLibreOffice Symbol

Støtt oss!

FILTER

Filtrerer eit dataområde eller ei matrise i høve til dei spesifiserte vilkåra.

Syntaks

=FILTER( Område; Kriterium [; Returner viss tom])

Område: Området eller matrisa som skal filtrerast.

Kriterium: Ei boolsk matrise med same høgd (filtrer etter kolonnar) eller breidd (filtrer etter rader) er den same som matrisa brukt for å velja ut data frå Område.

Resultat viss tom: (valfri) verdien som skal returnerast viss alle verdiane i Kriterium-matrisa er tomme (filteret returnerer ingentin).

Eksempel

Dataa nedanfor vert brukte som eksempel

 

A

B

C

1

Matematikk

Fysikk

Biologi

2

47

67

33

3

36

68

42

4

40

65

44

5

39

64

60

6

 

38

43

7

47

84

62

8

29

80

51

9

27

49

40

10

57

49

12

11

56

33

60

12

57

 

 

13

26

 

 


{=FILTER(A2:C13;A2:A13>50)} returnerer matrisa med alle matematikkkarakterar over 50. Legg merke til at dette er ein ,atriseformel.

57

49

12

56

33

60

57


{=FILTER(A2:C13;B2:B13>90,"Ingen resultat")} Returnerer strengen «Ingen resultat» sidan ingen karakterar i fysikk er over 90.

Teknisk informasjon

Tipsikon

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOfficeDev 24.8.


Denne funksjonen er IKKJE ein del av standarden Open Document Format for Office-program (OpenDocument) versjon 1.4. Del 4: Omrekna formel (OpenFormula) Format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.FILTER