Returnerer hyperbolsk cosinus til eit komplekst tal.
Hyperbolsk cosinus til eit komplekst tal kan uttrykkjast ved dei reelle og imaginære delane i talet:
IMCOSH(Komplekst_tal)
Komplekst_tall er eit komplekst tal som hyperbolsk cosinus skal reknast ut for.
Eit komplekst tal er eit strenguttrykk på forma «a + bi» eller «a + bj» der a og b er tal.
Viss komplekst tal er eit reelt tal (b=0), kan det vera anten eit strenguttrykk eller ein talverdi.
Funksjonen returnerer alltid ein streng med eit komplekst tal.
Dersom resultatet er eit komplekst tal der ein av delane (a eller b) er lik null, vert den delen ikkje vist.
=IMCOSH("4-3i")
returnerer -27,0349456030742 - 3,85115333481178i.
=IMCOSH(2)
returnerer 3,76219569108363 som ein streng. Den imaginære delen er lik null, så denne vert ikkje vist i resultatet