LibreOffice SymbolLibreOffice Symbol

Støtt oss!

AVRUND.SIG

Returnerer eit tal avrunda til eit gjeve tal på signifikante desimalplassar med normal skrivemåte for desimaltal.

Syntaks

AVRUND.SIG(verdi;siffer)

verdi er talet som skal avrundast.

siffer er kor mange desimalplassar som skal rundast av.

Åtvaringsikon

siffer må vera eit heiltal større enn 0.


Eksempel

=AVRUND.SIG(123,456789; 5) returnerer 123,46.

=AVRUND.SIG(0,000123456789; 5) returnerer 0,00012346

=AVRUND.SIG(123456789012345; 2) returnerer 1,2E14

=AVRUND.SIG(123456789; 4) returnerer 123500000 eller 123,5E6

Teknisk informasjon

Tipsikon

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOfficeDev 5.4.


Denne funksjonen er IKKJE ein del av standarden Open Document Format for Office-program (OpenDocument) versjon 1.4. Del 4: Omrekna formel (OpenFormula) Format. Namnerommet er

ORG.LIBREOFFICE.ROUNDSIG