LibreOffice SymbolLibreOffice Symbol

Støtt oss!

Få meir støtte for LibreOfficeDev

Du kan finna støtte (på engelsk) på fleir LibreOfficeDev-nettsider.

Profesjonell støtte

Forretningar, organisasjonar og sluttbrukarar som treng spesiell støtte bør besøka nettsida Professional Support.

Støtte for sluttbrukarfellesskapet (https://ask.libreoffice.org)

Dette er ein nettstad med spørsmål-og-svar tilgjengeleg for fleirespråksamfunn (ikkje norsk). Det fungerer som ei plattform for å dela spørsmål og svar. Opprett eit nytt emne for kvart spørsmål – eitt spørsmål med fleire moglege svar. I dei fleste tilfella kjem det svar frå brukarar som deg. Vel Hjelp → Få hjelp på nettet for å få tilgang til forumet.

Felles diskusjonsforum (https://community.documentfoundation.org/)

Dette er eit forum (på engelsk) for fellesskapet for generelle diskusjonar relaterte til LibreOfficeDev og The Document Foundation.

LibreOfficeDev sluttbrukardokumentasjon

Du kan lasta ned dokumentasjon og rettleiingar i form av handbøker som eit odt- eller PDF-dokument frå LibreOfficeDev sin dokumentasjonsnettstad documentation.libreoffice.org. Du kan også opna dokumentasjonssida (på engelsk) frå menyen Hjelp → Brukarrettleiingar.

LibreOfficeDev FAQ

Ei samling felles spørsmål stilt av mange brukjarar. Besøk https://wiki.documentfoundation.org/Faq.

Tryggleik

Viss du er bekymra for tryggleiken ved å bruka denne programvaren, kan du kontakta utviklarane på den offentlege postlista. Ønskjer du å diskutera spørsmål med andre brukarar, send ein e-post til den offentlege postlista users@libreoffice.org. Alt på engelsk.

Nedlastingar

Du kan lasta ned den nyaste versjonen av LibreOfficeDev frå www.libreoffice.org/download/.

The Document Foundation Wiki

Denne wikien vert styrt av LibreOfficeDev-fellesskapet. Det inneheld mest tekniske notat og rettningslinjer for bidragsyterar, men også ein del for vanlege brukarar. Besøk https://wiki.documentfoundation.org

Rettningslinjer for utviklarane

This manual describes how to write programs using the component technology UNO (Universal Network Objects) with LibreOfficeDev. Visit https://wiki.documentfoundation.org/Documentation/DevGuide.

Delta og gje tilbake

Viss du ønskjer å delta i det verdsomspennande LibreOfficeDev-fellesskapet er du svært velkomen med tilbakemeldingar, diskusjonar og forslag til forbetringar. For å finna dei rette kontaktpunkta for interessene dine, besøk https://whatcanidoforlibreoffice.org

Sosiale media

Mange sosiale medie og direktemeldingsgrupper er tilgjengelege for sluttbrukarane. Nokre av dei er lista opp i https://wiki.documentfoundation.org/Website/Web_Sites_services#Social_Media