LibreOffice SymbolLibreOffice Symbol

Støtt oss!

TEKSTFORAN

Returnerer teksten som kjem før byrjinga av ein gjeven førekomst av delstreng med skiljeteikn.

Syntaks

TEKSTFORAN( Tekst [; Skiljeteikn [; Førekomstnummer [; Treffmodus [; Treffslutt [; Viss ikkje funne ]]]]])

Tekst: den opphavlege teksten.

Skiljeteikn: (valfritt) skiljeteiknet. Du kan gje fleire skiljeteikn. Viss ingen eller gjeve som ein tom streng, vert feilen #I/T eller verdien gjeve i Viss ikkje funne.

Førekomstnummer: (valfritt) førekomsten av skiljeteiknet som teksten skal trekkjast ut før. Standardinnstillinga er 1. Eit negativt tal gjer at søket byrjar frå slutten. Verdi 0 returnerer feilen #I/T.

Treffmodus: (valfri) sett til 1 for å utføra eit søk som ikkje skil mellom store og små bokstavar. Standardinnstillinga er 0.

Treffslutt: (valfri) sett til 1 for å handsama slutten av teksten som eit skiljeteikn. Standardinnstillinga er 0.

Viss ikkje funne: (valfritt) verdien som vert returnert viss det ikkje er treff. Standardverdien er #I/T.

Merknadsikon

Kva som helst av dei valfrie innstillingane kan sløydast. Ei valfri innstillinga krev at alle dei føregåande skiljeteikna er til stades.


Eksempel

=TEKSTFORAN("Å vera eller ikkje vera";"vera";2;0;0;"@@@") returnerer strengen «Å vera eller ikkje», og tek med til den andre førekomsten av skiljeteiknet «vera».

=TEKSTFORAN("Å vera eller ikkje vera";"spørsmål";1;0;0;"@@@") returnerer teksten «@@@» fordi skiljeteiknet «spørsmål» ikkje er i kjeldeteksten-

=TEKSTFRAMFØRE("Å vera eller ikkje vera";"spørsmål";1;0;1;"@@@") returnerer teksten "Å vera eller ikkje vera" fordi skiljeteiknet "spørsmål" ikkje er i kjeldeteksten og Match End er 1, som då returnerer alt føre slutten av teksten.

=TEKSTFRAMFØRE("Å vera eller ikkje vera";"spørsmål";-1;0;1;"@@@") returnerer den tomme strengen "" fordi skiljeteiknet "spørsmål" ikke er i kjeldeteksten, Instansnummer er negativt (startar frå slutten) og Match End er 1, noko som hindrar funksjonen i å returnera feilen #I/T eller verdien definert i Viss ikkje funne.

Teknisk informasjon

Tipsikon

Denne funksjonen er tilgjengeleg sidan LibreOfficeDev 25.8.


Denne funksjonen er IKKJE ein del av standarden Open Document Format for Office-program (OpenDocument) versjon 1.4. Del 4: Omrekna formel (OpenFormula) Format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.TEXTBEFORE