Støtt oss!

Startside

Når ingen dokument er opna i LibreOfficeDev vert startsenteret vist. Dette er delt opp i to panel. Klikk på eitt av symbola på det venstre panelet for å opna eit nytt dokument eller eit dialogvindauge for å opna eit dialogvindauge for filer.

Opna fil

Knappen Opna fil opnar dialogvindauget Opna.

Eksterne filer

Knappen Eksterne filer viser eit Eksterne filer dialogvindauge for å opna filer på eksterne tenarar.

Tidlegare brukte dokument

Knappen Tidlegare brukte filer viser til høgre i vindauget miniatyrar av dei dokumenta du har opna tidlegare. Hald musepeikaren over miniatyren for å utheva dokumentet , visa eit tips om kvar det er lagra. Du får då også opp eit symbol oppe til høgre som du kan trykkja på for å sletta miniatyren frå visinga og frå den gjeldande fillista. Klikk på miniatyren for å opna dokumentet.

Du kan fjerna eit element frå lista Tidlegare dokument ved å klikka på knappen øvst til høgre i dokumentminiatyren. Sjølve dokumentet vert ikkje sletta.

Ikon Fjern miniatyr

Fjern miniatyrbilete

Du kan festa eit tidlegare brukt dokument i miniatyrbiletområdet ved å klikka på festeknappen øvst til venstre i miniatyrbiletet av dokumentet. Miniatyrbiletet vert flytt til toppen av området.

Icon Fest miniatyrbilete

Fest miniatyrbiletet

Filter

Vel dokumentkategorien du vil visa miniatyrbiletområdet i.

Menyen øvst til høgre

Ikon Meny øvst til høgre

Menyen øvst til høgre

Tøm lista over tidlegare brukte dokument

Du kan fjerna alle elementa i lista Tidlegare brukte dokument ved å trykkja på menyen Tidlegare brukte dokument og velja Tøm lista over tidlegare brukte dokument.

Fjern utilgjengelege filer

Fjern miniatyrane for dokument som ikkje lenger er tilgjengelege. Dette sikrar at berre tilgjengelege dokument vert verandei LibreOfficeDev Startsenter.

Arbeida med malar

Malar

Trykk på nedtrekksknappen Malar for å visa på høgre sida i vindauget dei malane som finst.

Filter

Klikk på pil ned for å opna ei liste der du kan velja eit filter for å visa malar etter programtype.

Høgreklikk på ein mal i det høgre panelet for å opna ein meny der du anten kan opna malen for å laga eit nytt dokument basert på denne malen eller å redigera malen.

Opprett:

Dokumentknappane opnar eit nytt dokument av den valde typen.

Merknadsikon

Krypterte filer vil ikkje visa eit miniatyrbilete av innhaldet.