Resulterer i ei matrise der kvar celle vert rekna ut ved å bruka ein formel på dei tilsvarande cellene i éi eller fleire inndatamatriser.
=MAP(Matrise1[; Matrise2[;…]; Formel)
Matrise1 [; Matrise2 [;...]: Matrisene som gjev argumenta til formelen.
Formel: Eit uttrykk definert av ein LAMBDA-funksjon eller liknande som handsamar dataa fra den gjevne matrisa eller dei opppgjevne matrisene. Viss det er gjeve fleire matriser, vert dei tilsvarande cellene sende som argument til formelen eller funksjonen. Formelen eller funksjonen må godta like mange parameter som det finst matriser. Det må vera det siste argumentet til MAP-funksjonen.
Viss matrisene har ulike dimensjonar, returnerer MAP-funksjonen ei matrise med storleiken M × N, der M er det maksimale talet på rader på tvers av alle matrisene, og N er det maksimale talet på kolonnar. Eventuelle ekstra celler i den resulterande matrisa som ikkje vert handsama av formelen, vert fylte ut med #I/T.
Formelen =MAP(A2:C13;LAMBDA(var;var*3)) returnerer ei matrise med same dimensjonane der kvart element i kjeldematrisa vet multiplisert med 3.
COM.MICROSOFT.MAP