Støtt oss!

DATO

Denne funksjonen reknar ut ein dato skrive som år, månad, dag og viser resultatet slik cella er formatert. Standardformatet for ei celle som inneheld DATO-funksjonen er datoformatet, men du kan formatera cella med kva talformat som helst.

Syntaks

DATO(År; Månad; Dag)

År er eit heiltal mellom 1583 og 9957 eller mellom 0 og 99.

Merknadsikon

I - LibreOfficeDev - Generelt kan du velja frå kva år eit tosifra tal skal verta oppfatta som 20xx.


Månad er eit heiltal som indikerer månaden. Ein verdi mellom 1 og 12.

Dag er eit heiltal som indikerer dagen i månaden. Ein verdi mellom 1 og 31.

Viss verdiane for månad og dag er utføre grensene, vert dei overførte til det neste sifferet. Viss du skriv inn =DATO(2000;12;31) vert resultatet 31.12.2000. Viss du derimot skriv inn =DATO(2000;13;31) vert resultatet 31.01.2000.

Tipsikon

For å unngå misforståingar, bruk alltid fire sifer for år.


Merknadsikon

For heiltalsargument vert desimaltal avkorta til heiltal.


Eksempel

=DATO(00;1;31) gjev datoen 2000-01-31 skrive som 1/31/00 viss celleformatinnstillinga er MM/DD/ÅÅ.

Teknisk informasjon

Merknadsikon

Denne funksjonen er ein del av standarden Open Document Format for Office-program (OpenDocument).