Støtt oss!

Som operator

Bruk «Som operator» for å samanlikna ein streng med eit strengmønster.

Åtvaringsikon

Denne konstanten eller funksjonen eller dette objektet vert slått på med uttrykket Option VBASupport 1 sett framføre den køyrbare programkoden i ein modul.


Syntaks:


Result = String1 Like String_pattern

Resultat:: kva logisk verdi som helst som registrerer samanlikninga mellom dei to strengene.

Streng1: (nødvendig) strengen du vil samanlikna med Strengmønster.

Strengmønster: (nødvendig) kva strenguttrykk som helst som samsvarar med konvensjonane for mønstertilpassing.

Returtype:

Boolsk

Konvensjonar for mønstertilpassing

Som-operatoren inkluderer innebygd mønstertilpasning, noko som gjer han til eit kraftig verktøy for å samanlikna strenger. Mønstertilpassingsfunksjonane tillet bruk av jokerteikn, teiknlister og teiknområde – kvar for seg eller i kombinasjon – for å samanlikna strenger. Tabellen nedføre viser teikna som er tillatne i mønstre og kva dei samsvarar med:

Merknadsikon

Den innebygde mønstersamanlikninga er ikkje den same som regulære uttrykk brukte i andre LibreOfficeDev-modular.


Teikn i mønster

Treff i strengar

?

Kva enkeltteikn som helst

*

Null eller fleire teikn

#

Kva siffer (0 - 9) som helst

[ character_list ]

Kva enkeltteikn som helst i teiknlista. For eksempel kva teikn so helst i [zTrwqJkl] eller i [A-P]

[ !character_list ]

Kva enkeltteikn som helst i teiknlista.


Ei gruppe med eitt eller fleire teikn må vera omslutta av hakeparentesar ([]) og kan passa kva teikn som helst i ein streng. Gruppa kan innehalda nesten alle teikn, også siffer. Bruk ein bindestrek (-) for å definera eit teiknområde (for eksempel [a-z]) der bindestreken skil dei nedre og øvre grensene for området.

Eksempel:


Sub ExampleLike
    Print "abc" Like "a*c"    ' Returns True.
    Print "badmington" Like "bad*"    ' Returns True.
    Print "M" Like "[A-E]"    ' Returns False.
    Print "M" Like "[!A-Z]"    ' Returns False.
    Print "Phone:12345678" Like "Phone:1234####"    ' Returns True.
End Sub