Slår av eller på visinga av dokumentstrukturen. Dokumentstrukturen er eit vindauge som kan festast.
Vel Vis → Dokumentstruktur for å visa dokumentstruktur.
Skriv inn kolonnebokstaven. Trykk Enter for å flytta cellemarkøren til den gjevne kolonnen i den same rada.
Skriv inn eit radnummer. Trykk Enter for å flytta cellemarkøren til den gjevne rada i den same kolonnen.
Spesifiserer det gjeldande dataområdet bestemt ut frå plaseringa av cellemarkøren.
Eit dataområde er ei samanhengande blokk av celler omkring den gjeldande cella eller det gjeldande området, avgrensa av tomme rader og kolonnar.
Dataområde
Flytter cella i byrjinga av det gjeldande området, som du kan markera ved hjelp av Dataområde.
Gå til byrjinga av dataområdet
Gå til cella i slutten av dataområdet, som du kan markera ved hjelp av Dataområde.
Gå til slutten av dataområdet
Slår av eller på innhaldsvisinga. Berre det valde dokumentstrukturelementet og underelementa som høyer til vert viste. Trykk på ikonet igjen for å gjenoppretta elementa.
Skift
Viser alle dei tilgjengelege scenaria. Dobbeltklikk på eit namn for å velja eit scenario. Resultatet vert vist i reknearket. Vel Verktøy → Scenario om du vil vita meir.
Scenario
Viss dokumentstruktur viser scenario, kan du bruka desse kommandoane når du høgreklikkar på eit scenarioelement:
Slett det merkte scenarioet.
Opnar dialogvindauget Rediger scenario der du kan redigera scenarioeigenskapane.
Opnar ein undermeny for å velja dra-modusen. Du bestemmer kva handling som skal utførast ved dra og slepp av eit objekt frå dokumentstrukturen inn i eit dokument. Avhengig av modusen du vel, vil ikonet visa om det er ei hyperlenkje, ei lenkje eller ein kopi som vert oppretta.
Dramodus
Set inn ei hyperlenkje når du dreg og slepp eit objekt frå dokumentstrukturvindauget til dokumentet. Seinare kan du klikka på den nye hyperlenkja for å hoppa til objektet.
Dersom du set inn ei hyperlenkje som har referanse til eit ope dokument, må du lagra dokumentet før du kan bruka hyperlenkja.
Lagar ei lenkje når du dreg og slepp eit objekt frå strukturvindauget til dokumentet.
Lagar ein kopi når du dreg og slepp eit objekt frå strukturvindauget til dokumentet.
Viser alle objekta i dokumentet.
Viser namna på alle opne dokument. Klikk på eit dokumentnamn i dokumentstrukturvindauget for å visa eit anna dokument. Status (i bruk/ikkje i bruk) vert vist i parentes etter namnet. Du kan byta til eit anna dokument i Vindauge-menyen.