Merkjer dataområdet der markøren eller utvalet er.
Eit dataområde er ei samanhengande blokk av celler omkring den gjeldande cella eller det gjeldande området, avgrensa av tomme rader og kolonnar.
Viss du vil velja dataområdet, må markøren vera inne i eller ved sida av ei datablokk.
Viss markøren ikkje er ved sida av ei datablokk, returnerer utvalet cella der markøren er plassert.
Viss cella er ved sida av to datablokker, er valet det rektangulære området som omsluttar dei to datablokkene.