Skriv inn innstillingane for den valde stilen.
Viser namnet på dei valde stilane. Skriv inn eit namn på stilen viss du lagar eller endrar på ein tilpassa stil. Du kan ikkje endra namn på stilane som er førehandsdefinerte av programmet.
Vel ein stil som finst frå før (eller - Ingen -) for å bruka definisjonane i gjeldande stil. Bruk dei andre fanene for å endra den arva stilen.
Du kan ikkje bruka denne innstillinga med ein sidestil eller ein listestil.
Rediger eigenskapane for den overordna stilen.
Viser kategorien til stilen. Vel «Sjølvvald stil» frå lista viss du lagar eller endrar ein ny stil.
Du kan ikkje endra kategorien til ein førehandsgjeven stil.
Skildrar formateringa som er brukt i stilen.
Visingsmodus syner eigenskapane som finst den gjeldande stilen.
Redigeringsmodus viser lista over eigenskapar som finst i den gjeldande stilen, sortert etter kategori (som skrifttype, justering, innrykk osv.). Ved sida av kvar eigenskap er det ein . Trykk på denne for å fjerna eigenskapen frå stilen. Når du fjernar ein eigenskap, vert stilen sett tilbake til foreldrestilen.