Støtt oss!

Setja inn bokmerke

Set inn eit bokmerke der markøren er. For å bokmerkja ein bestemt tekst, merk teksten først. Du kan då bruka dokumentstrukturen for raskt å hoppa til den merkte staden. I HTML-dokument vert bokmerkje konverterte til anker som kan nåast med hyperlenkjer.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Set inn → Bokmerke

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Set inn → Bokmerke

Frå verktøylinjer:

Ikon Set inn bokmerke

Set inn bokmerke


Du kan gå til eit bestemt bokmerke ved å trykkja på F5 for å opna vindauget Dokumentstruktur. Trykk på plusteiknet (+) ved sida av bokmerke -oppføringa og dobbeltklikk deretter på bokmerket.

Namn

Skriv inn namnet på bokmerket du vil laga. Trykk deretter Set inn.

Desse teikna kan ikkje brukast i bokmerkjenamn: / \ @ * ? " ; , #

Bokmerke

Viser alle bokmerka i det gjeldande dokumentet.

Gje nytt namn

Du kan gje eit nytt namn til eit bokmerke ved å merka bokmerket og trykkja Gje nytt namn og så skriva inn det nye namnet i boksen. Desse teikna kan ikkje brukast i bokmerkenamn: / \ @ * ? " ; , #

Fjern

Du kan sletta eit bokmerke ved å merkja det og trykkja på knappen Slett. Du får ikkje opp ei melding om du verkeleg vil sletta.

Merknadsikon

Du kan ikkje gje nytt namn til eller sletta bokmerke som er verna.


Gå til

Merker du eit bokmerke og trykker Gå til vil markøren gå til den staden eller utheva den bokmerkte teksten.

Lukk

Lukkar dialogvindauget.