Støtt oss!

Set inn

Trykk på pila ved sida av ikonet for å opna ei verktøylinje med ulike funksjonar for å setja inn bilete, tabellar, dokument og spesialteikn.

Ikon

Set inn

Du kan velja desse funksjonane:

Set inn einspaltes ramme manuelt

Teiknar ei ramme der du dreg med musa i dokumentet. Trykk på pila ved sida av knappen for å velja kor mange spalter du vil ha med i ramma.

Ikon Set inn ramme

Set inn ramme

Frå fil

Opnar eit dialogvindauge for val av filer for å setja inn eit bilete i det gjeldande dokumentet

Ikon Bilete

Bilete

Set inn tabell

Set inn ein tabell i dokumentet. Du kan òg trykkja på pila, dra med musa for å velja talet på rader og kolonnar i tabellen og så trykkja i den siste cella.

Ikon Set inn tabell

Set inn tabell

Set inn dokument

Set inn innhaldet av eit anna dokument i gjeldande dokument ved markøren.

Ikon Innhald frå dokument

Innhald frå dokument

Set inn spesialteikn

Gjer at brukaren kan setja inn teikn frå eit område med symbol funne i dei installerte skrifttypane.

Ikon Spesialteikn

Spesialteikn

Set inn bolk

Set inn ein tekstbolk ved skrivemerket i dokumentet. Du kan også merkja ei tekstblokk og velja denne kommandoen for å laga ein bolk. Du kan nytta bolkar til å setja inn tekstblokker frå andre dokument, eller leggja til sjølvdefinerte spalteoppsett. Det er også mogleg å verna eller gøyma tekstblokker om eit vilkår er fylt.

Ikon Bolk

Bolk

Set inn bokmerke

Set inn eit bokmerke der markøren er. For å bokmerkja ein bestemt tekst, merk teksten først. Du kan då bruka dokumentstrukturen for raskt å hoppa til den merkte staden. I HTML-dokument vert bokmerkje konverterte til anker som kan nåast med hyperlenkjer.

Ikon Set inn bokmerke

Set inn bokmerke